Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kystkvinne i bispestolen

– Det er noko eige med havet og sjøen, meiner den nytilsette biskopen i Oslo, Kari Veiteberg. Sjølv om ho har budd mesteparten av livet austpå, kjenner ho seg mest i slekt med kystfolket vestpå.

Den nytilsette biskopen i Oslo bispedømme, Kari Veiteberg, meiner mange forkynnarar har brukt ord som har stengt ute det som eigentleg står i Bibelen. Sjølv ønskjer ho å ta folk med på språklege reiser for å opna opp bibeltekstane. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

– Når eg har kome tilbake til Stord og sett havet og sjøen, har det gått opp for meg at eg er ei kystkvinne, seier Veiteberg.

Ho trur det handlar om at havet gjev henne kvile og styrke.

– Ein skog full av tre er framandt for meg. Men det å sjå sjøen og havet – og kanskje også hoppa i det, opplever eg som svært livgjevande, seier den nye Oslo-biskopen som badar i sjøen heile året.

Når ho blir pensjonist, drøymer ho om å reisa tilbake til kysten for å vikariera som prest.

Trygg tru, sterkt engasjement

Kari Veiteberg er den første kvinnelege biskopen i Oslo. Før ho blei biskop, var ho prest i Kirkens Bymisjon. Der forkynte ho Guds ord blant uteliggjarar, rusmisbrukarar og andre som strevar med livet på ulikt vis. Ho har også markert seg i kampen for rettane til homofile og likekjønna ekteskap, og har heller ikkje vore redd for å engasjera seg politisk.

For den nye biskopen har kristentrua og det sosiale engasjementet gått hand i hand heilt frå ho var lita.

– Eg har alltid fått formidla og alltid visst at det å vera kristen har noko å gjere med det å stå opp for folk som blir trakka på, seier Veiteberg.

Ho takkar foreldra for denne arven og for å ha fått med seg ei god og trygg kristentru. Som prest og sjelesørgjar veit ho at ikkje alle har fått formidla eit like positivt gudsbilete.

Foreldra var lærarar og tilflyttarar til Stord. Mora var frå Hol i Hallingdal, medan faren kom frå Stardalen i Jølster. Saman med tre søstrer voks Kari Veiteberg opp i nærleiken av lærarhøgskulen. Der gjekk ho inn og ut frå ho var bitte lita.

– Eg brukar å seia at eg var ferdig med lærarskulen før eg hadde begynt i førsteklasse, seier ho.

– Nynorsk gjer språket konkret

Sjølv om Kari Veiteberg har budd mesteparten av livet i Oslo, held ho framleis godt på dialekten. Nynorsk er også ein viktig del av identiteten hennar. Som biskop har ho ingen planar om å leggja vekk verken dialekten eller nynorsken. Men ho veit det kan ha sin pris. Då ho på 1990-talet skreiv andaktar til Aftenposten på nynorsk, fekk ho beskjed om at ho kom til å missa halvparten av lesarane om ho ikkje valde ei anna målform. For Veiteberg var det derimot uaktuelt å fira på nynorsken.

Preikene i Oslo domkyrkje har ho også planar om å halda på nynorsk, sjølv om liturgien i bispedømmet er på bokmål.

– Viss folk ikkje forstår det, får dei spørja, seier ho.

Eg trur kanskje folk trur på ein litt annan måte enn før.

Annonse

Ho trur dessutan at nynorsken passar godt til sjølve kyrkjerommet.

– Og Gud sjølv er ikkje framand for målforma, legg ho til.

Sjølv meiner biskopen at nynorsk gjer språket meir handgripeleg, mindre luftig.

Språkleg skattejakt

Den nye Oslo-biskopen er også oppteken av språk i andre samanhengar. Ho meiner mange forkynnarar har brukt ord som har stengt ute det som eigentleg står i Bibelen. Sjølv ønskjer ho å ta folk med på språklege reiser for å opna opp bibeltekstane.

– Eg synest det er veldig spennande å gå laus på kva ulike ord og uttrykk i Bibelen eigentleg betyr, seier ho. Ho meiner til dømes «frelse» er eit genialt ord.

– La oss sjå på kva ordet betyr, oppmodar den språkinteresserte biskopen.

Ho forklarer at den norske bibelomsetjinga av ordet frelse byggjer på det norrøne ordet «fjalsa» som betyr «fri hals».

– Det var dette ordet som blei brukt når ein tok bort lenkja rundt ein slave eller ein som var fanga. Når vi legg ut dette i forkynninga, merkar vi kanskje at det skjer noko i rommet og at folk får ei aha-oppleving.

Tru i endring

Trass i at medlemstalet til Den norske kyrkja går ned, er ikkje Kari Veiteberg samd med dei som meiner at nordmenn trur mindre enn før.

– Eg trur kanskje folk trur på ein litt annan måte enn før, seier ho.

Veiteberg peikar på at folk ikkje lenger går til kyrkje fordi dei må. Det er ho glad for. Biskopen meiner likevel mange har ein lengt etter noko, men trur kyrkja må bli flinkare til å snakka om tru på ein annan måte.

– I staden for å spørja om folk trur eller held noko for sant, kan vi også spørja «håpar du på noko?» eller «drøymer du om noko?» Det er ikkje matematikk vi snakkar om, eller at vi må tru bokstavleg på det som står. Det å be om vern når livet røyner på, og det å håpa på noko, er også ein type tru. Og ei vel så sterk tru som det å halda noko for sant.

Neste artikkel

Utlandet har oppdaget våre turveier