Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kyrkjekunst fram i lyset

Halvgløymde kyrkjekunstskattar frå mellomalderen har igjen fått utstillingsplass ved Vitskapsmuseet i Trondheim etter fleire tiår nedpakka på lager.

Dyktig og detaljert handverk kjenneteiknar den lidande Kristus frå Hov kyrkje i Soknedal i Midtre Gauldal, cirka 13001325. På denne figuren er òg den originale målinga både på kroppen og lendekledet svært godt bevart. Foto: Julie Gloppe Solem / NTNU

Universitetsmuseet ved NTNU viste sist fram kyrkjekunstsamlinga i samband med byplanjubileet i Trondheim i 1981, men har sidan måtte pakke henne ned på grunn av plassmangel.

– Som lærar ved universitetet var eg fortvilt over det, for eg må jo få vist dette til studentane mine, seier førsteamanuensis og ekspert på mellomalderkunst Margrethe C. Stang ved Institutt for kunst- og medievitskap ved NTNU i Trondheim.

Vitskapsmuseet har no i samarbeid med instituttet fått i stand ei såkalla magasinutstilling, der studentar og forskarar får tilgang til samlinga med altertavler, treskulpturar, krusifiks og annan kyrkjekunst etter behov. Andre kan sjå utstillinga etter avtale eller delta på ein av dei opne laurdagsomvisingane utover våren.

Førsteamanuensis Margrethe C. Stang ved Institutt for kunst- og medievitskap ved NTNU i Trondheim kan endeleg vise studentane sine den verdifulle samlinga med kyrkjekunst frå mellomalderen, som i fleire tiår har stått bortpakka på Vitskapsmuseet i Trondheim. Foto: Julie Gloppe Solem / NTNU

Stang, som òg er leiar i Fortidsminneforeningen, seier samlinga er ei av dei finaste og mest verdifulle i Skandinavia.

– Nidaros var erkebispesete i mellomalderen og kyrkja ein kjempestor oppdragsgivar. Vi må rekne med at mykje av det finaste som vart laga, hamna i kyrkjene i Trøndelag, seier Stang.

I motsetning til Sverige og Danmark har ikkje Noreg noko stort nasjonalmuseum for denne typen gjenstandar. Hos oss deler universitetsmusea i Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim på ansvaret, og Bergen ligg eit lite hestehovud føre dei andre med den faste basisutstillinga som opna i 1998. I Oslo håper dei å få plass til samlinga der i Nasjonalgalleriet.

Utstillinga i Trondheim dreier seg i hovudsak om kyrkjekunst frå Trøndelag, men femnar heile det gamle Nidaros bispedømme frå Stad og Dovre til Finnmark.

Dyktig og detaljert handverk kjenneteiknar den lidande Kristus frå Hov kyrkje i Soknedal i Midtre Gauldal, cirka 13001325. På denne figuren er òg den originale målinga både på kroppen og lendekledet svært godt bevart. Foto: Julie Gloppe Solem / NTNU

Profilen på samlinga i Trondheim er som dei andre farga av nasjonalromantikken som rådde da kyrkjekunsten vart samla inn på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet. Utstillinga reflekterer det kunsthistorikarane den gongen såg som kunstnarisk og antikvarisk interessant, ifølgje Stang.

– Krusifikset frå Mosvik kyrkje meinte dei leiande kunsthistorikarane den gongen var noko av det finaste som vart laga i Noreg på 1200-talet. Og det kan eg for så vidt vere einig i. Krusifikset frå Mosvik hadde høg status tidleg på 1900-talet og var mellom anna eit populært motiv på postkort. Sigrid Undset hadde eit fotografi av nettopp denne Kristus-figuren hengande over det vesle husalteret sitt på Bjerkebæk, fortel Stang.

Annonse

Reformasjonen har i Noreg ført til at kyrkjekunsten ofte er mykje betre bevart enn sørover i Europa. Somme stader vart bilete og figurar av populære helgenar som St. Sunniva og Heilag-Olav tatt bort og lagde på kyrkjeloft. Andre stader vart kunstverka bygde inn, til dømes i kyrkjebenkene.

Madonnaskulptur frå Grong kyrkje i Namdalen, cirka 12301250. Handverkarane har ikkje minst fått til eit godt og tiltalande smil, noko som ikkje var heilt vanleg på denne tida. Eit framifrå eksempel på naturalistisk «trøndergotikk» i denne perioden. Handverkarane har ikkje minst fått til eit tiltalande smil, noko som ikkje var heilt vanleg på denne tida.Foto: Julie Gloppe Solem / NTNU

Kalde norske trekyrkjer har truleg vore ein gunstig lagringsplass for treskulpturane, og heilt spesielt for den norske kyrkjekunsten er at så mykje av han har originalmålinga intakt, fortel Stang.

– Ettersom dette var gamle ting frå den katolske tida, skrapa dei ikkje målinga av og måla figurane på nytt, slik vi ser mykje av i Frankrike og Italia til dømes. Der har gamle statuar fått seg ein "makeover" med jamne mellomrom, slik at dei vart finare og meir i pakt med tida, seier Stang.

– Det at vi har skulpturar med den originale målinga på, gir dei for det eine eit anna uttrykk, men vi får òg mykje ny kunnskap om målarteknikken i mellomalderen. Der har forskinga i Noreg vore langt framme internasjonalt.

Kyrkjeleg fattigdom kan òg ha medverka til at kyrkjekunsten fekk vere som han var, eller vart lettvint handtert, ifølgje Stang. Mange av skulpturane har hol gjennom brystet etter å ha vorte hengde opp på veggen med trepluggar, fortel ho.

– Mange sokn har hatt lite pengar til å kjøpe nytt, og da tok dei det gamle og small det opp på veggen. Så var det i alle fall litt pynt, sjølv om det ikkje var spesielt moderne. Éin av grunnane til at nokre av desse tinga er så godt bevarte, kan vere at sokna ikkje var så rike som dei hadde vore.

Krusifikset frå Mosvik kyrkje (cirka 12401255) var eit populært motiv i Noreg i mellomkrigstida. Forfattaren Sigrid Undset hadde eit fotografi av det hengande over husalteret sitt i heimen på Bjerkebæk på Lillehammer. Foto: Åge Hojem / NTNU Vitskapsmuseet

Kanskje kan den nye magasinutstillinga vere eit slags første steg på vegen mot ei større nasjonal utstilling av kyrkjekunsten frå mellomalderen når det i 2030 er tid for å markere tusenårsjubileet for slaget på Stiklestad. Den markeringa har Stang så smått byrja å tenkje på.

– Vi har så vidt byrja å tenkje på det. I 1930 var det faktisk ei internasjonal utstilling, for det finst jo bilete av St. Olav i andre land òg, mellom anna i Tyskland og mange i Norden. Det kunne ha vore noko, men vi må definitivt gjere noko nasjonalt.

– Det som er gøy, er at vi no òg får studentane engasjerte i det, seier Margrethe Stang.

Neste artikkel

Fant kirkegård fra middelalderen uten å grave