Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvitost frå Fana til topps i gardsost-NM

Ostegården i Fana utanfor Bergen kan gle seg over at kvitosten deira «Fanaosten» fredag blei kåra til Årets produkt under NM i Norsk Gardsost.

OSTEVINNAR: Magnus Hafslund frå Ostegården tok imot osteprisen Årets produkt 2017 på vegner av foreldra sine Ruth og Jørn Hafslund. Kvitosten deira "Fanaosten" gjekk til topps i NM i gardsost. Til høgre landbruks- og matminister Jon Georg Dale som delte ut prisen. Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Det er organisasjonen Norsk Gardsost som står bak prisen som blei delt ut under matfestivalen Matstreif i Oslo fredag.

Fanaosten konkurrerte med heile 146 andre produkt, men juryen var ikkje i tvil om at Fanaosten skulle få den gjævaste prisen.

• Les også: – Inspirerende å bli Årets lokalmatgründer

Annonse

Osten blir laga av dei mjølk frå dei tolv kyrne på garden til Ruth og Jørn Hafslund i Fana. I tillegg sper dei på med innkjøpt mjølk. Ostegården har om lag fem årsverk på garden og i osteproduksjonen.

Tilskipinga Noregsmeisterskapen i lokalforedla mjølkeprodukt inneheld eit stort mangfald av ostar, og det blei også delt ut ei lang rekkje andre prisar. 24 produkt vann gullmedalje, 28 sølv og 20 bronse fordelt på ulike klassar.

Neste artikkel

Listeria er påvist i Gildes syltelabber