Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kristen skepsis til å endre på heilagdagane

KrF-leiar Knut Arild Hareide er ueinig i forslaget om å endre på dei raude dagane i kalenderen og gjere id til ein nasjonal heilagdag.

KrF-leiar Knut Arild Hareide vil ikkje endre på dei raude dagane i kallenderen. Foto: Siri Juell Rasmussen

– Det blir ein misforstått toleranse å begynne med ei sånn tenking om at vi skal byte bort fridagar. Bak denne tenkinga ligg det ei individualisering av samfunnet, seier KrF-leiaren til Klassekampen onsdag.

Leiaren i Norges kristelige studentforbund, Ingvild Yrke, foreslo tysdag å gi éin av dei såkalla «andredagane» (andre juledag, andre påskedag og andre pinsedag) til muslimane, og dermed gjere høgtida id til nasjonal heilagdag

I Vårt Land får Hareide støtte frå Sturla Stålsett, professor i diakoni og samfunn ved Menighetsfakultetet og leiar av Stålsett-utvalet som i 2013 leverte utgreiinga om ein heilskapleg trus- og livssynspolitikk.

– Eg ser ikkje at det er noko poeng å flytte på dagane eller gi dei noka anna innhaldsmessig betyding. Eg synest det blir litt konstruert, seier Stålsett til avisa.

Annonse

Han ser ingen grunn til å rokke ved andredagane eller fortolkinga av dei.

– Det er gunstig for storsamfunnet at mange har fri samtidig, men å opne opp for fleire fridagar enn dei to som allereie gjeld for religiøse minoritetar, er likevel eit viktig omsyn å ta, seier Stålsett.

I dag kan religiøse minoritetar ta ut to ekstra fridagar i året. Arbeidsgjevar kan krevje at desse dagane blir jobba inn, sjølv om ikkje alle gjer det.

Generalsekretæren i Samarbeidsrådet for trus- og livssyn, Ingrid Rosendorf Joys, har tidlegare foreslått å omdisponere dei tre «andredagane» saman med dei to fleksible dagane til ein felles pott til fri disposisjon. Tidlegare har Venstre foreslått noko liknande.

©NPK

Neste artikkel