Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

KrF-åtvaring mot å legge ned pelsdyrnæringa

Eit av dei tyngste fylkeslaga til KrF åtvarar mot følgjene av å legge ned pelsdyrnæringa. Berre i Rogaland kan ringverknadene ramme 430 årsverk, ifølgje partiet.

Pelsstøtte: Jonas Skrettingland (KrF), som er ordførar i landets største husdyrkommune, Hå, fekk Rogaland KrF med seg på å vedta ein resolusjon med tittel «Vidareføring av pelsdyrnæringa». Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Pelsdyrhald

Stortinget vedtok for eitt år sidan å vidareføre pelsdyrnæringa gjennom ei såkalla berekraftig utvikling der fleire krav til dyrevelferd blei skjerpa inn.

I regjeringsplattforma går Høgre, Venstre og Frp inn for styrt avvikling med forbod mot pelsdyrhald innan 1.1.2025.

Ein rapport frå Nilf viste i 2014 eit erstatningsbehov på 7,45 mrd. kr om næringa skulle bli avvikla. Nettoverdien av pelsskinna i 2013 var rekna til 485 mill. kr og timeløna er før rekna til opp mot 650 kr pr time i enkelte år.

Det er ikkje berre i Høgre at det er eit gryande opprør mot å avvikle pelsdyrnæringa. Frå eit av dei tyngste fylkeslaga i KrF kjem det kraftige åtvaringar mot følgjene av å legge ned pelsdyrnæringa, slik regjeringspartia går inn for i den nye regjeringsplattforma.

Vedtok pelsdyrstøtte

Forslagsstillar Jonas Skrettingland, som er ordførar for KrF i Hå kommune, fekk Rogaland KrF med seg på å vedta ein resolusjon med tittel «Vidareføring av pelsdyrnæringa» på fylkesårsmøtet i helga.

I resolusjonen står det at Rogaland KrF «ser med sterk uro» på at regjeringspartia har bestemt seg for å avvikle pelsdyrnæringa fram til årsskiftet 2024/2025.

«Beslutninga var uventa på bakgrunn av tidlegare vedtak, og råkar ei betydeleg næring i norsk landbruk», skriv fylkeslaget.

Les også: Jærrådet ber regjeringa gjera om pelsdyr-vedtak

Det står vidare at pelsdyrnæringa har retta seg etter vedtaket Stortinget gjorde i januar i 2017, då det vart vedteke å vidareutvikla ei berekraftig pelsdyrnæring med strenge retningslinjer for dyrevelferd, heiter det.

– Gjer det mogleg å vere fulltidsbonde

Fylkeslaget skriv at drift som ikkje er i tråd med retningslinjene må avsluttast. Ifølgje Rogaland KrF er det totalt 73 oppdrettarar i Rogaland. Fleire av dei skal ha etablert seg nyleg på bakgrunn av dei politiske signala som har blitt gitt.

«Oppdrettarar har investert i nye farmar i tillit til politisk vedtak. Pelsdyr er ofte ei tilleggsnæring som gjer det mogeleg å vera fulltidsbonde på gardar som ikkje har areal nok til anna produksjon. Siste tal frå Rogaland viser at det var 143 årsverk innan primærleddet i denne næringa», står det i resolusjonen.

«Pelsdyr er ofte ei tilleggsnæring som gjer det mogeleg å vera fulltidsbonde på gardar som ikkje har areal nok til anna produksjon»

Frå resolusjon vedteken av fylkesårsmøtet i Rogaland KrF
Annonse

Les også: Gryande opprør mot pelsdyravvikling i Høgre

Rogaland KrF peikar på at pelsdyrfôr nyttar restprodukt frå produksjons- og foredlingsanlegg for landbruk og fiskeri. Dei skriv at i staden for å vere eit unyttig avfall vert restprodukt som ikkje kan nyttast til menneskemat nytta til dyrefôr, og dermed blir ein ressurs i staden for å vere ein utgiftspost.

Les også: Pelsdyravvikling kan koste 7 milliardar kroner

– 430 årsverk i Rogaland

Fylkeslaget skriv at det ikkje er rekna på ringverknadene av pelsing, bygg, innkjøp av tenester og liknande, men partiet anslår at ringverknadene av næringa samla er store.

«Om ein konservativt anslår at kvart årsverk i næringa fører til to årsverk som ringverknad, vil den totale verdiskapinga i pelsdyr for Rogaland ligge på 430 årsverk», står det i resolusjonen.

Les også: Full strid om erstatning for pelsdyrbønder

«Det vil ha store konsekvensar, både menneskeleg og økonomisk for oppdrettarane og for kommunane der oppdrettarane bur, om ein skal leggja ned ei næring som har retta seg etter tydelege politiske signal», skriv Rogaland KrF, som skriv at Norge må kunne ha ei pelsdyrnæring som rettar seg etter dei strenge reglane for dyrevelferd som nå er etablerte.

Neste artikkel

Dolkestøtet på Jeløya