Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kallar regjeringa utan ryggrad i pelsdyrsaka

Elin Ørjasæter meiner regjeringa har vore utan ryggrad i saka om pelsdyræringa, og at dei har ofra prinsipp om føreseielege vilkår for næringslivet.

Elin Ørjasæter reagerer sterkt på at pelsdyrnæringa vart vedteke langt ned i regjeringsforhandlingar, og stikk i strid med Stortingets vedtak. Foto: Frida Marie Grande

I eit debattinnlegg i Dagens Næringsliv skriv forfattar, førstelektor og samfunnsdebattant Ørjasæter at statsminister Erna Solberg ofra prinsippa om føreseielege rammevilkår for ei næring då Venstre forhandla seg inn i regjeringa.

«Selv i politikken bør det vel vere grenser for uanstendig oppførsel», skriv Ørjasæter.

Det er særleg det at ei næring får heilt gjort om på vilkåra som følgje av vedtak gjort i lukka rom, Ørjasæter reagerer på.

Ho viser til at Stortinget, etter fleire utgreiingar og ein debatt som hadde gått over år, i januar 2017, gav næringa beskjed om at dei kunne halde fram, men med nye og strengare krav til dyrevelferda.

Annonse

– Hadde Stortinget kome fram til at næringa skulle avviklast, hadde det vore greitt, fordi det då hadde skjedd etter ein grundig og open prosess

«Men så kom Jeløya-forhandlingene. Bak lukkede dører. Pelsdyr-motstander Venstre fikk gjennom kravet om at næringen skulle legges ned. Pelsdyrbøndene har brått fått problemer med banken, i et vedta ingen kunne se ville komme.», skriv Ørjasæter.

Til Nationen seier Ørjasæter at pelsdyrnæringa er i ei særstilling.

– Men prinsipielt er saka så alvorleg nettopp fordi alle næringar kan oppleve å plutseleg bli upopulær blant delar av befolkninga. Nettopp difor må eit forbod mot ei næring vere godt forankra i ein god demokratisk prosess. Det er ikkje tilfellet her, seier Ørjasæter.

Neste artikkel

Fylkesmannen trekker tilbake fellingstillatelse ved DNA-funn