Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hollywood-stjerne kastar seg inn i norsk ulvedebatt

Hollywood-stjerna Leonardo DiCaprio kastar seg inn i norsk ulvedebatt med eit innlegg på biletetenesta Instagram.

Leonardo DiCaprio har kasta seg inn i den norske ulvedebatten. Foto: Wikimedia Commons

Det er i eit innlegg på Instagram-sida «Leonardo DiCaprio Foundation» at Hollywood-stjerna ber om hjelp til å redde den norske ulven, skriv TV 2.

«Hjelp med å redde ulvane i Noreg. Norske styresmakter har avgjort at totalt 50 utryddingstrua ulvar kan bli avliva denne vinteren. Det svarar til 90 prosent av ulvane som permanent oppheld seg i Noreg. Fram til no har seks ulvar blitt skotne. @wwfnorge går rettsleg til verks for å redde ulvane», er noko av det DiCaprio skriv.

Les òg: WWF går rettens vei i ulvestrid for tredje gang

Les òg: Hans Bårdsgård kommenterer: «Norsk rettsvesen må rett som det er stadfeste at Norge ikke er en øy. Det er tid for enda en ulverettssak».

Annonse

Les òg: Bønder, jegere og skogeiere vil hjelpe staten i ulverettssak mot WWF

Presseansvarleg i WWF, Heidi Kristine Bang, uttrykkjer overfor TV 2 at ho er svært godt nøgd med støtta frå DiCaprio i denne saka.

Neste artikkel

Bonde risikerer å måtte ta sauene ut av rovdyrsikker innhegning for å gi plass til bjørn