Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Lene Westgaard-Halle bløffar om MDG og bilar

Per Espen Stoknes (MDG) reagerer skarpt på at Høgres Lene Westgaard-Halle i eit intervju med Nationen seier at «MDG vil forby bil, punktum.» Han kallar det tøv.

Likar ikkje: Per Espen Stoknes (MDG) likar ikkje at Høgres Lene Westgaard-Halle seier at "MDG vil forby bil, punktum." Foto: NTB scanpix

Det var i Helgepraten i Nationen fredag at Lene Westgaard-Halle, som er andrekandidat på Vestfold Høgre si liste til Stortingsvalet, forklara kvifor MDG ikkje var eit aktuelt val av parti for ho.

"MDG vil forby bil, punktum, mens jeg vil ha fornybare løsninger. For eksempel at avfall går til biodrivstoff . MDG er store i Oslo. På bygda er det ikke mulig å bruke kollektivt. Jeg tror de er litt farget av å bo urbant. "

MDG vann kåringa

– Det er nesten litt morosamt at ho kan seie det. Vi sat begge i panelet i ein debatt nå under Arendalsuka. Der vart miljøstiftinga ZEROs sjekkliste over partias elbilpolitikk lagt fram, og det var Miljøpartiet dei grøne sin elbil-politikk som vart kåra til den beste. Og Westgaard-Halle har attpåtil permisjon frå nettopp ZERO, seier Stoknes, som er MDGs andrekandidat på stortingsvallista i Oslo.

– Når ho i eit intervju klarar å seie at MDG vil forby bilar, synest vi mest at det minner om ein av dei trollkommentarane vi ser i Facebook-diskusjonar. Vi er ikkje mot bilar, men for ei mykje raskare overgang til elbil.

Stoknes seier at elbilpolitikken til MDG er å byggje 1000 hurtigladestasjonar for elbilar kvart år fram til 2020.

– Då vil det vere to ladestasjonar for kvar 50 mil, og gjere det mogleg også for folk i distrikta å køyre elbil.

Lease elbil

Vi ønskjer også å få til ei slags husbanklånordning for elbilar. Slik kan alle få hjelp til å lease ein elbil. Sidan alle kan lade elbil heime, og vi veit at det kostar mindre å ha ein elbil enn ein bensinbil, vil det gjere at alle som idag har råd til bil, kan gå over til elbil.

Annonse

Målet til MDG er å skru opp tempoet slik at alle ny-registrerte bilar i 2025 er elbilar. Innan da vil tilbodet av ulike elbil-typar vere større, bilane billigare, ha lengre rekkevidde og utstyr som til dømes hengerfeste.

– Vi snakkar om dei nye bilane. Dei gamle fossilbilane vil jo leve vidare ei stund etter 2025 for dei som føretrekker å køyre slike, seier Stoknes, som er ansvarleg for grøn økonomi på BI Handelshøyskolen.

"Pust med magen"

Westgaard-Halle er ikkje heilt nøgd med reaksjonen til Stoknes på det ho uttalte i intervjuet.

– Eg synest Stoknes skal puste litt med magen, og ikkje bruke slike karakteristikkar på andre politikarar som har gjer. Sitatet gjeld bilbruk i Oslo og MDGs byorientering. For den synest eg er der, og den er eg kritisk til. Men om dei snur, er det jo positivt.

Høgre-politikaren insisterer på at ho har rett i at MDG har ei negativ haldning til bruk av privatbilar.

– Dei har føreslege forbod mot bilkjøring, elbilar inkludert, i sentrum følgande byar: Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim, Drammen, Kristiansand, Fredriksta, Sarpsborg, Lillehammer, Kragerø, Harstad, Drøbak, Sandefjord, Arendal, Tønsberg og Vestby. Og det er berre det eg fann i farten. Eg vil seie at dei så langt har stått fram som sterke motstandarar av privatbilismen.

Neste artikkel

Vurderer veien inn i og ut av Vestlandet