Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Havbruksnæringa trur ikkje på vekstmål frå regjeringa

To av tre toppsjefar i havbruksnæringa trur ikkje på nokon firedobling at produksjonen innan 2050.

Fleirtalet av leiarane i havbruksnæringa trur ikkje ein når vekstmålet regjeringa har sett for 2050. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix/ NPK

Regjeringa har sett som mål at havbruksnæringa skal firedoble produksjonen innan 2050.

To av tre toppsjefar i næringa trur ikkje dette målet blir nådd, syner ny rapport. Det skriv Dagens Næringsliv (DN).

Regjeringa har sett som mål at næringa skal produsere fem millionar tonn sjømat i 2050. Det svarar til ei firedobling frå i dag.

– Eg trur det er vanskeleg å nå det målet. Dei reguleringsmekanismane styresmaktene no har innført med trafikklys avgrensar moglegheita for vekst dei neste 5–10 åra. Lenger fram er det vanskeleg å spå. Eg kan ikkje forstå korleis vi skal få større vekst viss vi ikkje endrar politikken overfor oppdrettsnæringa, seier konsernsjef Ola Braanaas i Firda Seafood Group til DN.

Les òg: Regjeringen: Mer oppdrettslaks kan gi millioninntekter til kommunene

Annonse

Regjeringa si ordning med trafikklys deler kysten i soner for god, middels og dårleg miljøtilstand. I gode og grøne område tillèt ein seks prosent vekst annakvart år, mens det er null vekst i gule og redusert produksjon i raude område.

Les òg: Analytikar: Laksefesten er over

Det er konsulentbyrået PwC som har utarbeidd rapporten. 100 toppleiarar i sjømatnæringa deltok i undersøkinga.

Neste artikkel

Svenske butikker sier nei til importert kjøtt