Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forskarar er urolege for dyrevelferda til reinen i Nordfjella

To forskarar ved Norsk institutt for naturforsking har varsla Mattilsynet om det dei meiner er dårleg dyrevelferd blant villreinen i Nordfjella.

Tysdag starta den statlege fellinga av villrein i Nordfjella. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix/ NPK

Bjørnar Ytrehus og Olav Strand, som er forskarar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), har varsla Mattilsynet om det dei meiner er dårleg dyrevelferd blant villreinen i Nordfjella. Dette skriv avisa Hallingdølen.

Dei to NINA-forskarane varsla om dårleg dyrevelferd i Nordfjella i ein e-post til Mattilsynet i slutten av oktober. Dei slo mellom anna alarm om stressa dyr.

– Data frå GPS-sendarane kan tolkast til at dyra er meir skremde og stressa enn tidlegare år. Det kan vera naturleg å rekne med at dette har samanheng med at jaktperioden er utvida i tid og jaktinnsatsen utvida i omfang på grunn av den pågåande saneringsprosessen, skreiv dei to i e-posten til Mattilsynet, ifølgje Hallingdølen.

• Les òg: Resignasjon på vegner av Nordfjella-reinen

Ytrehus og Strand bad Mattilsynet om å utsetje oppstarten av den statlege fellinga. Førespurnaden blei avvist av Mattilsynet, som starta fellingsprosessen 7. november.

Tysdag 7. november starta den statlege fellinga av villrein i Nordfjella sone 1. Jegerane blir her frakta ut med helikopter.

Annonse

Auka helikoptertrafikk i området er blant grunnane til at to forskarar ved NINA meiner reinen i området blir stressa.

Målet med masseslaktinga er å fjerne den dødelege dyresjukdommen skrantesjuke (CWD) frå norsk jord.

• Les òg: Kvar er dyrevernarane?

Den smittsame varianten av sjukdommen er så langt berre påvist ein stad i Europa – hos sju villrein i Nordfjella villreinområde, som strekkjer seg over fylka Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane. Dermed skal heile stammen utryddast.

Det var 2.200 villrein i Nordfjella då den ordinære jaktsesongen starta i august. Det utgjorde om lag 10 prosent av den norske villreinstammen.

Neste artikkel

Norsk ost blant verdens beste – igjen