Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Flest norske vindkraftverk i Rogaland

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har lansert ei komplett oversikt over dei norske vindkraftverka som er i drift.

Flest: Det er Rogaland som kan skilte med flest vindkraftverk av dei norske fylka. Her ser vi tre vindturbinar i Egersund vindpark. Foto: Siri Juell Rasmussen

Databasen skal gi innsyn i forventa produksjon, installert effekt, turbintypar og eigarar av dei ulike kraftverka.

Oversikta viser at det er om lag 500 operative vindturbinar i Noreg i dag, og at Rogaland er fylket med flest turbinar.

Det er 135 turbinar i Rogaland fordelt på ti kraftverk, og til saman har dei ein effekt på nesten 400 MW. Det er også 11 turbinar i Sogn og Fjordane, 55 i Hordaland og 73 i Møre og Romsdal.

Annonse

– Vindkraft er den forma for kraftproduksjon i Noreg som veks raskast. Det er venta at vindkraftproduksjonen i Noreg fleirdoblar seg dei neste åra, seier avdelingsleiar Anne Vera Skrivarhaug i NVE i ei pressemelding.

Ho meiner at den nye oversikta og konsesjonsdatabasen til NVE saman gir eit godt bilde av utviklinga i vindkraftbransjen.

Neste artikkel

Regjeringa vil halde fram med differensiert arbeidsgivaravgift