Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire kommunar har store problem med naudnettet

Naudnettet er fleire stadar i landet så dårleg at brannmannskap ikkje blir varsla ved alvorlege hendingar.

Fleire kommunar har rapportert om dårleg dekning på naudnettet. Dette fører mellom anna til at brannmannskap ikkje blir varsla ved alvorlege hendingar. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix/ NPK

Naudnettet blei utbetra i 2015, men framleis har kommunar over heile landet problem med dekninga, skriv NRK.

10 kommunar i Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Finnmark har klaga til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) om problem med naudnettet.

• Les også: 40 prosent i grisgrendte strøk har ikke bredbånd

Annonse

Blant kommunane med problem er Eide i Møre og Romsdal. Brannmeister i Eide Knut Jørgen Eide seier til NRK at dei hadde problem med dekninga seinast tysdag førre veke.

Dei andre kommunane som har klaga på dekninga i delar av kommunen er: Inderøy, Namsos, Frøya, Osen, Halsa, Ulstein, Herøy, Alta og Hadsel.

Neste artikkel

Hester i veien – kollisjon mellom bil og MC