Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire hole eiker skal takast vare på

Hole eiker er ein viktig levestad for svært mange artar.

Ei stor gammal eik som er verna. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Tre tusen hole eiker i område mellom kulturlandskap og produktiv skog får no betre vern gjennom ordninga for utvalde naturtypar.

– Hole eiker kan bli fleire hundre år gamle. Desse imponerande trea kan vere heimen for opptil 1.500 forskjellige insekt, sopp og lav. Mange av artane er trua eller raudlista. Enkelte tre har så store holrom at dei kan romme fleire menneske samtidig. No gir vi om lag tre tusen hole eiker større vern som utvalt naturtype og synleggjer det gjennom ei enkel kartløysing, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Den kartbaserte løysinga skal sikre at fleire hole eiker blir tatt omsyn til gjennom ordninga for utvalde naturtypar. Løysinga skal bidra i større grad til å ta vare på trua natur.

Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har utarbeidd forslaget til løysinga.

Annonse

I dag seier skogbrukspraksisen og regelverket at det skal vere mogleg å drive eit skogbruk basert på utnytting av eiketømmer i produktiv skog. Samtidig varetar miljøsystemet til skogbruket at hole eiker får stå som såkalla livsløpstre. Dei blir ikkje hogde.

Men hole eiker som står i randsona mellom skog og kulturlandskap, som åkerholmar og allear, vert vanlegvis ikkje omfatta av dette miljøomsynet. Derfor treng hole eiker i dette området auka vern. Det får dei no.

Neste artikkel

Styret i Norske Skog vil trolig begjære selskapet konkurs