Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskeriprotestar mot Sandberg-dispensasjon

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) får kraftig motbør frå fiskerinæringa etter vedtaket om å gi bedrifta Gunnar Klo AS i Øksnes i Nordland dispensasjon til å bli majoritetseigar i fiskebåten "Morgenstjerne".

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) får kraftig motbør frå fiskerinæringa. Foto: Mariann Tvete

Både Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag og Fiskebåt meiner dispensasjonen frå deltakarlova er lovstridig og ugyldig. Både Fiskarlaget og Fiskebåt har kvar for seg klaga på vedtaket.

– Norges Fiskarlag vil klage på at Gunnar Klo AS får dispensasjon og dermed lov til å ha aksjemajoriteten i eit kystfartøy. Vi meiner saka utfordrar prinsippa i deltakarlova, seier leiar Kjell Ingebrigtsen i Fiskarlaget i ei pressemelding.

Dispensasjon på vilkår

Fiskeforedlingsbedrifta Gunnar Klo har før hatt ein eigardel på 49 prosent i den 15 meter lange skøyta med heimehamn i Øksnes, men har ønskt å kjøpe ut fiskar Harry Rudolf Rørbakk, som til no har vore majoritetseigar.

Fiskeridepartementet vedtok 6. oktober å gi Gunnar Klo dispensasjon på det vilkåret at selskapet får med seg ein aktiv fiskar som høvedsmann.

Organisasjonane peikar på at dette er første gong at ei industribedrift har fått dispensasjon til å eige eit kystfiskefartøy. Lova opnar for å gi slike dispensasjonar til havfiskefartøy, men det gjeldt ikkje for kystfiskefartøy, meiner dei.

– Mot stortingsviljen

Annonse

Kystfiskarlaget meiner Sandbergs vedtak strir imot stortingsvedtaket om at aktivitets- og nasjonalitetskravet i deltakarlova står fast.

– Dette representerer eit taktskifte i norsk fiskerinæring, slår leiar Arne Pedersen I Kystfiskarlaget fast overfor Fiskeribladet.

Støttepartia til regjeringa på Stortinget, KrF og Venstre, er òg svært skeptiske til dispensasjonen, ifølgje fiskeriavisa Kyst og Fjord.

– Vi er svært uroleg for denne saka, for dette er eitt av dei viktigaste prinsippa i deltakarlova og eitt av dei viktigaste prinsippa i KrFs fiskeripolitikk: at eigarskapen til flåten skal liggje på fiskarsida, seier KrFs representant i næringskomiteen på Stortinget, Steinar Reiten, til avisa.

Neste artikkel

Laksefjord-tragedien