Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskarar ønskjer uttak av spekkhoggar og knølkval

Store mengder kval har skapt problem for sildefisket i Nord-Noreg i haust.

Fleire fiskarar tek til orde for å opne for fangst av knølkval og spekkhoggar. Her ser vi ein knølkval utanfor Senja. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix/ NPK

No tek fleire fiskarar og Norges Fiskarlag til orde for å opne for fangst på spekkhoggar og knølkval.

Sjøpattedyra oppheld seg nær fiskefartøya som i desse dagar fiskar etter sild, då tettleiken av mat er god der.

• Les òg: Fiskeriprotestar mot Sandberg-dispensasjon

Fleire fartøy har meldt om at kval har sete seg fast i fiskenetta, noko som både kan gi kvalen ein smertefull død og øydelagt utstyr for fiskarane, skriv Fiskeribladet.

– Etter det vi kan sjå har talet dyr auka enormt. Så dei er definitivt ikkje utryddingstrua. Ein knølkval treng to tonn føde i døgnet. Og i Barentshavet er det vel 10.000-12.000 knølkvalar, så då kan ein jo ta reknestykket derfrå, seier Martin Rist Angelsen frå Vestvågøy Fiskarlag til Fiskeribladet.

Annonse

• Les òg: EU-invitasjon om fiskeri ble nok en gang avvist av Norge

Han er ein av fleire fiskarar som vil ha kontrollert uttak av kval, noko også Fiskarlaget støttar.

– Ja, vi helsar eit kontrollert uttak velkommen. Det er enorme mengder dyr no og dei treng store mengder fisk for å overleve. Skal vi ha ei økosystembasert forvaltning i havet er eit uttak naudsynt, seier Kjell Ingebrigtsen, som er leiar i Norges Fiskarlag, til avisa.

Neste artikkel

Vedum: Høyere konfliktnivå med Elvestuen som klima- og miljøminister