Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiskarar er uroa over mykje spinkel makrell

Ein stor del av makrellen langs kysten er radmager, ifølgje fiskarar og andre.

Fiskarar rapporterer om mager makrell langs heile kysten. Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix/ NPK

Nokre trur det er varsel om ei økologisk katastrofe.

Det er veteranar i pelagisk fiske som varslar om den alarmerande situasjonen. No blir Havforskingsinstituttet kopla inn, skriv Fiskeribladet.

Les òg: Fiskarar ønskjer uttak av spekkhoggar og knølkval

– Eg har aldri sett eller høyrt om liknande situasjonar som den vi har no. Det er observert mager småmakrell på heile kysten frå Rogaland til Finnmark. Makrellen har stort hovud og er på storleik med ein kulepenn, seier tidlegare bas og makrellfiskar, Jan Johansen frå Ålesund til Fiskeribladet.

Annonse

Johansen meiner at ein går strake vegen mot ei økologisk katastrofe om det held fram slik og meiner forskarane no må ta situasjonen på alvor.

Les òg: Fiskeriprotestar mot Sandberg-dispensasjon

Han oppfordrar difor folk til å sende prøver med frosen makrell til Havforskingsinstituttet for å dokumentere overfor dei kor stort og omfattande problemet er.

Neste artikkel

Utlandet har oppdaget våre turveier