Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fire ulvar forsvunne på mystisk vis frå Danmark

Danske forskarar utelukkar ikkje at krypskyttarar kan ha drepen ulven.

Sporlaus forsvinning: Fire ulvar har blitt sporlaust borte i Danmark. Foto. Heiko Junge/Scanpix

I 200 år var ulven utrydda i Danmark. Etter 2012 er minst åtte ulike ulvarinnvandra til Danmark frå Tyskland. No slår danske forskarar alarm om at fire av dei innvandra ulvane blitt borte utan at å ha etterlete seg spor. Det melder Danmarks Radio. Funna er publisert i forskingsrapporten "Ulv i Danmark 2012-2017" som er laga av forskarar ved Aarhus Universitet og Naturhistorisk museum i Aarhus.

Forskarane slår fast at fire av dei innvandra dyra no er blitt borte, og dei har ikkje vendt tilbake til Tyskland.

Ulv i Danmark

"Ulv i Danmark 2012-2017" er ein ny og detaljert rapport om førekomsten av ulv i Danmark.

Rapporten er ein oversikt og analyse av førekomsten av ulv den såkalla Thy-ulven vart observert i Nationalpark Thy hausten 2012.

Rapporten er laga i samarbeid mellom Aarhus Universitet og Naturhistorisk Museum i Aarhus.

Les også kronikk: Beitedyr ulv og bønder

Høg dødsrate

– Ulvar døyr sjølvsagt som alle moglege andre dyr, men reint statistisk skulle vi ha forventa at overlevingsraten skulle vere vesentleg betre, sa Petter Sunde, som er seniorforskar ved Institutt for Bioscience på Aarhus Universitet.

Det er fleire faktorar som gjer dei høge tapstala for ulven i Danmark mystisk.

Dei innvandra ulvane var unge. Ingen av ulvane er meldt skadde i trafikken og det er få konkurrerande individ. Sunde seier til Danmarks Radio at ein i denne situasjonen skulle forvente ei overlevingsrate på 90 prosent.

Les også: Ulvestrid i Danmark

Mogleg tjuvjakt

Reint statistisk skulle vi ha forventa at overlevingsraten skulle vere vesentleg betre

Petter Sunde, seniorforskar ved Institutt for Bioscience på Aarhus Universitet
Annonse

Forskarane utelukkar ikkje at tjuvjakt er årsaka til at ulvane er blitt sporlaust borte.

I dag er ulven freda i heile EU. Danmarks Radio skriv at ein kan få opptil to år i fengsel for å skyte ulv ulovleg i Danmark. Det er også kjent at det har vore ei yngling. Åtte ulvekvalpar vart fødd på Jylland i 2017.

Eling Bonnesen, som er talsperson for mat og miljø i partiet Venstre, krev at ulvebestanden i Danmark no må bli regulert.

– Vi vil endre reglane slik at vi kan regulere ulven i Danmark og dermed også halde talet på ulv nede slik at Danmark framleis er eit trygt land å leve i, Bonnesen til Danmarks Radio. I intervjuet seier han at han ønskjer at den danske ulvebestanden skal vere så "tett på null" som mogleg.

Les også: Vil drepe all ulv i Danmark - Ulven hører hjemme i Nord-Norge

Neste artikkel

Ulvens opphav ut på internasjonalt anbud