Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fagernes lufthamn Leirin vert truleg lagt ned 1. juli

Fagernes lufthamn i Valdres blir truleg nedlagt 1. juli. Avinor har ikkje fått lokale aktørar til å overta drifta av flyplassen.

– Dersom det dei nærmaste vekene ikkje vert inngått ein avtale med lokale aktørar om overtaking av Fagernes lufthamn, blir drifta avvikla allereie 1. juli, opplyser Avinor.

Regjeringa sa hausten 2015 at Avinor skal drive Fagernes lufthamn som ein rein charterflyplass fram til 1. januar 2019. Deretter var planen at drifta skulle takast over av lokale krefter

– Avinor har vore i dialog med lokale aktørar, men det er ikkje komme nokon avklaringar, ei heller etablert eit selskap vi kan sende rekningar for drifta til. Avinor planlegg derfor å stogge drifta frå 1. juli i år, seier kommunikasjonssjef i Avinor, Gurli Høeg Ulverud.

Annonse

Fagernes lufthamn Leirin i Nord-Aurdal kommune i Valdres vart opna av kronprins Harald i 1987. Flyplassen hadde inntil våren 2016 to daglege avgangar på kvardagar.

Flyplassen er med sine 822 meter over havet Nord-Europas høgast liggjande flyplass.

Neste artikkel

Ja til veivedlikehold