Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EU spør kvarmannsen om plantevernmiddel

EU har laga ei spørjeundersøking der dei vil vite kva både EU-borgarar og andre meiner om EU-reglane for bruk av plantevernmiddel og restar av plantevernmiddel i mat.

EU-kommisjonen inviterer både EU-borgarar og andre til å seie sitt i ei nettundersøking om reglane for bruk av plantevernmiddel i EU. Foto: Zeynel Cebeci

Undersøkinga inngår i ei større evaluering av plantevernmiddelpolitikken i EU , som òg er innført i Noreg.

Målet med undersøkinga er å kartleggje kva folk ser som sterke og svake sider ved regelverket, og kor godt dei opplever at reglane vernar befolkninga mot helse- og miljøskadar.

Les også: EU forlenger Roundup-godkjennelse med fem år

Annonse

Undersøkinga for privatpersonar har svarfrist 12. februar 2018, mens ei eiga spørjeundersøking for bransje- og interessegrupper har svarfrist 31. desember.

Neste artikkel

EU: Hva vil dere ha, Storbritannia?