Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein av tre fortel framande at dei har mat mellom tennene

YouGov har undersøkt kor ærlege nordmenn er med framande, kollegaer og kjenningar dersom dei har mat mellom tennene eller buksesmekken open.

Dei færraste vil ha mat mellom tennene, men berre ein av tre er ærlege med framande. Foto: Colourbox

Undersøkinga, som er gjort på 1013 nordmenn over 18 år, viser at berre kvar tredje nordmann ville fortalt ein framand at han eller ho hadde mat mellom tennene. Derimot ville 74 prosent ha sagt ifrå om det til folk dei kjende, skriv YouGov i ei pressemelding.

• Les også: Finland opnar opp for insekt som mat

Annonse

Færre enn kvar tredje person ville sagt ifrå til framande dersom buksesmekken var open. Men til kollegaer og andre kjenningar, ville 83 prosent sagt ifrå.

Neste artikkel

Trekkjer karbonadar etter funn av skarpt objekt