Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Do-krise for cruiseturistane i Olden

Cruiseturistane som går i land i Olden i Nordfjord, får fort eit problem om dei må på do. Køane til det eine offentlege toalettet i bygda blir ofte frustrerande lange, fortel NRK.

Fleire cruiseanløp og fleire passasjerar skaper toalettutfordringar i Olden i Sogn og Fjordane. Køane har vorte fortvilande lange ved det eine offentlege toalettet i bygda. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

Samla er det venta 165.000 cruiseturistar til den vesle bygda i år, og presset på toalettfasilitetane blir stort når dei kjem i land i tusental. Den 1. august var det 9.000 cruiseturistar i Olden på éin dag, noko som er rekord.

Somme turistar prøver å løyse problemet ved å spørje om å få låne toalett i butikkane i Olden, mens det òg har hendt at trengde turistar gjer frå seg utandørs.

– Vi risikerer at folk reiser herfrå med ein viss irritasjon om dei må bruke tida i toalettkø i staden for å sjå seg rundt, seier Ketil Finsås Hansen i kontaktutvalet i Olden og Oldedalen til NRK. Han etterlyser strakstiltak og fryktar at turistane skal få eit negativt inntrykk.

Annonse

Ordførar Sven Flo (H) i Stryn kommune vedgår at toalettkapasiteten i Olden er for dårleg, og at kommunen rett og slett ikkje har vore godt nok førebudd på den raske veksten i cruisetrafikken. Han lover nytt toalettbygg i Olden til neste sommar.

– Det er mi klare målsetjing, og eg kjem til å jobbe knallhardt for å få det på plass. Vi kan ikkje ha det slik det er no, seier Flo til NRK.

©NPK

Neste artikkel

Hundretusener demonstranter krever ny brexit-avstemning