Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bygdeforsking endrar namn til Ruralis

Norsk senter for bygdeforskning endrar namn til Ruralis.

Direktør Harald A. Lein i Ruralis. Foto: Ruralis

Grunnen skal vere at dei vil «opne nye dører i arbeidet med å løfte fram bygder, lokalsamfunn og distrikt».

Det går fram av ei pressemelding.

– Sjølv om vi no byter namn til Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking, skal det ikkje vere tvil om at forskingsområda våre held fram å vere bygdesamfunn, lokalsamfunn, ressursforvalting, distriktsnæringar, næringsutvikling og verdikjedene for mat og kommunal- og regionalutvikling, heiter det i pressemeldinga.

Annonse

Norsk senter for bygdeforskning er ei samfunnsvitskapleg forskingsstifting som forskar på tema knytt til Distrikts-Noreg.

Neste artikkel

Sauebonde: – Redd jaktstopp får dramatiske konsekvenser