Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bruker minst antibiotika til dyr i Europa

Ingen land i Europa bruker mindre antibiotika i matproduksjonen enn Norge, viser tal frå EU. Resistens kostar EU milliardbeløp.

I ei samanlikning av 25 europeiske land kjem Norge ut med desidert lågast forbruk av antibiotika i matproduksjonen. Det viser ein oversikt frå EU-organet European Medicines Agency (EMA), som følgjer medisinbruken og farmasibransjen tett. Antibiotikabruken per kilo biomasse / kjøtt er her i landet under ein tredjedel av i Sverige, som også ligg lågt i europeisk samanheng. Samanlikna med Norge ligg forbruket i Danmark ti gonger høgare. Tyskland bruker over 50 gonger meir antibiotika i matproduksjonen, medan fleire middelhavsland troner på toppen med over 100 gonger høgare sal av antibiotika enn her i landet.

Folkehelseinstituttet seier det låge forbruket av antibiotika i den norske matproduksjonen er ein stor fordel for folkehelsa og helsevesenet.

Antibiotika og resistens

Norge kjem ut med klart lågast sal av antibiotika til bruk i matproduksjonen, viser tal frå EUs organ for å overvake medisinbruken, EMA.

Andre nordiske land kjem òg ut med relativt lågt forbruk, men Sverige har likevel over tre gonger større forbruk og Danmark over ti gonger større forbruk.

Forbruket av antibiotika er nært knytt til utvikling av antibiotikaresistente bakteriar.

Resistente bakteriar i EU er knytt til 25.000 dødsfall årleg og er rekna å koste EU 1,5 billionar euro i året.

– Det er flott av forbruket av antibiotika til dyr er så lågt her i landet samanlikna med andre europeiske land. Det har stor betydning for at det er langt færre antibiotikaresistente bakteriar her i landet, noko som er ein stor fordel for både folkehelsa, pasientar og helsevesenet, seier seniorrådgjevar Petter Elstrøm i Folkehelseinstituttet.

– Landbruket bidreg

I EU reknar ein det er 25.000 dødsfall årleg direkte knytt til resistente bakteriar. Kostnadene knytt til resistente bakteriar i EU er ifølgje Folkehelseinstituttet rekna til 1,5 billion euro totalt per år. Det utgjer rundt 12,6 billionar kroner, eller rundt to oljefond. Elstrøm seier det er grunn til å tru at den norske landbrukspolitikken spelar ei viktig rolle for forskjellane i forbruket av antibiotika og førekomsten av resistente bakteriar mellom landa.

– Landbruket er meir industrialisert i EU og det er større flyt av dyr og mat og grensene. Den norske landbrukspolitikken bidreg til mindre risiko for utvikling av resistente bakteriar, og liten import av dyr og mat bidreg til mindre spreiing av resistente bakteriar, seier Elstrøm.

Ifølgje Elstrøm er det ein direkte samanheng mellom lite bruk av antibiotika og låg førekomst av resistente bakteriar. I fleire EU-land har opp mot halvparten av bakteriar som gule stafylokokkar utvikla resistens mot antibiotika. Her i landet er vel 1 prosent av stafylokokkane resistente og det oppstår berre rundt 15 alvorlege tilfelle i året. I mange av tilfella er personane smitta i utlandet.

– Den gunstige situasjonen her i landet sparer pasientar for liding og død, og det sparer helsevesenet og samfunnet for omfattande kostnader, seier Elstrøm.

«Den norske landbrukspolitikken bidreg til mindre risiko for utvikling av resistente bakteriar.»

Annonse

Han viser til at pasientar må leggjast i isolat når dei er smitta av resistente bakteriar, noko som fører til stor ressursbruk og lengre liggjetid på sjukehus. I EU blir det rekna at resistente bakteriar fører til 2,5 millionar ekstra liggjedøgn på sjukehus, noko som isolert sett skal koste 900 millionar euro i året. Folkehelseinstituttet vurderer nå å rekne på kor mykje den gunstige situasjonen rundt antibiotika og resistens sparer det norske samfunnet for.

– Stabilt lågt forbruk

Forbruket av antibiotika her i landet har lege stabilt i mange år, trass i at matproduksjonen har auka. Forskar Anne Margrete Urdahl på Veterinærinstituttet seier det er mange grunnar til det låge norske forbruket.

– Landbruket her i landet har lenge brukt lite antibiotika. Vi har eit restriktivt regime, men òg god dyrehelse, lite smittepress, spreidd produksjon, små bruk og veldig strenge reglar for import. Midt på 90-talet blei det òg forbod mot å bruke antibiotika som vekstfremjande middel i fôret, seier Urdahl.

Innan fiskeoppdrett var antibiotikaforbruket høgt på 80-talet.

– Sidan har det gått drastisk ned og nå ligg det veldig lågt, seier ho.

Nyheter · Landbruk

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997