Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Aukande bie-interesse i Noreg

Varmen i Sør-Noreg har gitt mange birøktarar ein god start på sesongen. Og interessa for å lage honning er større enn på mange år.

Etter mange år med nedgang i talet på birøktarane, har interessa for bier tatt seg betydeleg opp ifølgje Norges Birøkterlag. Berit Roald / NTB scanpix / NPK

– Det er trykk i denne marknaden no, det er mange som vil ha bier. Dei fleste vil ha det som hobby, men det er også stor interesse for å drive i større omfang, seier generalsekretær Jarle Bergsjø i Norges Birøkterlag til NRK.

Etter mange år med nedgang i talet på birøktarane, har interessa for bier tatt seg betydeleg opp ifølgje Norges Birøkterlag. No er det over 4.000 medlemmer i organisasjonen, mot 2.500 for nokre få år sidan

– Det er framleis behov for mange fleire birøktarar for å dekke det norske marknaden. Vi har sagt at vi treng 30.000 fleire bikubar, og no ser vi at vi er på rett veg, seier Bergsjø og fortel at det er stor interesse for nybegynnarkurs hos dei lokale birøktarlaga.

Annonse

Les også: Auka etterspurnad gir elitesatsing i honningbransjen

Ifølgje Norges Birøkterlag vert det i dag produsert rundt 1.300 tonn honning, men det er vanskeleg å vite nøyaktig ettersom det finst mange småskalaprodusentar som sel honningen sin lokalt.

Honningcentralen som er birøktarane sitt eige selskap, tok imot 430 tonn honning frå norske produsentar i 2017, mot 329 tonn to år tidlegare.

Les også kronikken: Biologisk beredskap: Ta vare på pollinatorene

©NPK

Neste artikkel

Tørkeskader for 1,3 milliarder kroner