Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

AUF seier nei til Acer

AUF seier nei til Acer og bed Stortinget bruke paragrafen om suverenitetsavståing når dei tar stilling til EUs tredje energimarknadspakke.

Seier nei: AUF-leiar Mani Hussaini seier nei til Acer og EUs tredje energimarknadspakke. Foto: Heiko Junge/Scanpix

AUF bed Stortinget seie nei til EUs tredje energimarknadspakke. Organisasjonen går også inn for at Stortinget bør behandle spørsmålet om EUs tredje energimarknadspakke etter Grunnlovens paragraf 115 om avståing av suverenitet. I vedtaket som vart gjort tysdag heiter det at "Et av de viktigaste hensynene i norsk energipolitikk må være å bevare norsk selvråderett over norske ressurser, og disponere kraft til det beste for samfunnet. Ved tilslutning til ACER vil Norge avstå suverenitet til EU. "

Suverenitetsspørsmålet

Regjeringa har lagt vurderinga frå lovavdelinga i justisdepartementet til grunn for si vurdering av Acer. Den slår fast at å knytte Noreg til Acer ikkje er suverenitetsavståing. Difor vil dei bruke grunnlovens paragraf 26.

Jussprofessor Eivind Smith, som er ekspert på Grunnloven har tidlegare sagt til Nationen at han er djupt skeptisk til regjeringas juridiske vurdering av Acer-saken.

Sist veke varsla utanriksminister Ine Eriksen Søreide at regjeringa vil vurdere suverenitetsspørsmålet på nytt.

Les også: Eva Nordlund: Arbeideropprør i distriktene

Barth Eide er grunnleggande positiv

Espen Barth Eide, som er medlem av Energi- og miljøkomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet og saksordførar for energimarknadspakken, har sagt at han er "grunnleggende positiv" til EUs energiunion og energibyrået Acer.

"Vi må forholde oss til Acer uansett, da er det bedre å være med på en organisert måte med medbestemmelse", har Barth Eide sagt til Klassekampen.

Annonse

Samstundes har Acer og EUs tredje energimarknadspakke møtt kraftig motbør, både i fagrørsla og på grasrota i Arbeidarpartiet den siste tida.

Les også: – Acer ser ut til å bli meir inngripande enn det var i 2009

Uviss utvikling

AUF viser til at det er uvisst korleis EUs energiunion vil utvikle seg framover, og at det difor er uråd å sjå kva som vil bli konsekvensen om Noreg vel å slutte seg til EUs tredje energimarknadspakke. "Tilslutning til EUs energibyrå per i dag ville ikke nødvendigvis ha store konsekvenser i seg selv, men AUF frykter at en slik suverenitetsavståelse svekker den politiske styringa over norske energiressursar. Innlemmelse av rettsaktene i EUs energimarkedspakke kan derfor på lang sikt ha konsekvensar vi i dag ikke kjenner til." Organisasjonen er uroa over at Noreg kan kome til å gi frå seg suverenitet over kritisk viktig infrastruktur. AUF slår også fast at dei ønskjer at norske naturressursar skal bli forvalta av norske folkevalde.

Les også Nationens leder: Sprikende Acer-signal

Les heile vedtaket her.

Neste artikkel

Grande: – Ap skal være partiet for «the working class hero»