Ny privat giv: Privatskular er eit fenomen både i bygd og by. Foto: Scanpix

Fleire vil ha borna på privat skule

Utdanningsdirektoratet har fått 17 søknader om å etablere nye privatskular.

Siste mening

BILDESERIER

Budeiekalender'n 2010

Lys i Jostedalen

Bondepiker fra Trøndelag

Småbrukeridyll

Janne Grete Aspen

Publisert 02.11.2009 kl 19:01 Oppdatert 02.11.2009 kl 19:01

Tips en venn på e-post:

LES OGSÅ:

Staten skjerper privatskole-regler 19.08.09 - 10:37

Bygdeskoler får ikke starte 07.08.09 - 09:23

Pengene styrer skolen 22.01.10 - 05:00

I fjor gjekk 2,5 prosent av norske skuleelevar på ein privatskule. Dei kan bli fleire.

Skuleåret 2007/2008 var det rekordhøge 157 private grunnskular her i landet, med til saman 15.359 elevar. Året etter vart talet på privatskular redusert med tre. Men framfor komande skuleår ligg det 17 søknader om oppstart av privatskular til behandling hos Utdanningsdirektoratet.

Les òg: Staten skjerper privatskole-regler

I gjennomsnitt blir det rundt 100 elevar per privatskule, men i røynda er det nokre få større skular i dei største byane, svært mange Montessoriskolar er etablert der det før var mindre grendeskular med lågt elevatal.

Etablert i protest

Heidi Hermansen er pedagogisk leiar på Solør Montesorri i Hedmark. Skulen har vore i drift i 4 år, og vart skipa som reaksjon på nedlegginga av Gamle Østsiden Skole.

Les òg: Bygdeskoler får ikke starte

Skulen har plass til 70 elevar, nett no er det 56 elevar ved skulen. Med det same skulen vart starta var det 13 elevar som gjekk her, men i løpet av første skuleåret auka elevtalet til 33.

Er det stor skilnad på å drive skule for 13 eller 56 elevar?

– Ja, det er det. Med få elevar og få lærarar blir miljøet fattigare.

Sjølv om mange av dei norske Montessorri-skulane er små, er det ingen ting i pedagogikken som tilseier at den ikkje passar for store skular.

– Vi kunne hatt 300 elevar ved skulen, om vi hadde hatt plass til det. Grupper opp til 30 elevar går også fint, på alle alderstrinn. Men større enn det bør gruppa ikkje vere, seier Heidi Hermansen.

– Kvifor søkjer foreldra ungane sine til Solør Montessori?

– For mange handlar det først og fremst om kvar skulen ligg, og ikkje om pedagogikken. Men vi har faktisk folk som flyttar hit til området på grunn av skulen. Kanskje 20 prosent av elevane er her på grunn av pedagogikken. Og begge foreldregruppene er opptekne av at det er ein liten skule, seier Heidi Hermansen.

Typisk eksempel

Solør Montessori er eit typisk eksempel på ein privat skule her i landet.

Christian W. Beck, er dr.phil. og førsteamanuensis i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt ved Universietet i Oslo.

Han fortel om to vegar til etablering av privatskular. Det eine er den etableringa som skjer i kjølvatnet av nedlegginga av offentlege skular, den andre vegen går i tettbygde strok der foreldra ønskjer eit pedagogisk alternativ for ungane sine.

Eit fellestrekk er ønsket om den nærleiken som mindre skular gjer, eit ønskjer som ikkje blir mindre når heildagsskulen kjem for full fart.

– Eg oppfattar ein trend i at foreldre vil ha barna sine på mindre skular, og i dei store byane er dei små skulane oftast private.

– Ved samanslåing blir skulane større, er det problematisk med store skular?

– For ungdomsskuler og vidaregåande skular er det ikkje noko problem. Dei litt eldre ungane toler det, og for dei kan større skular tvert om gje føremonar i for av større valfridom og liknande.

– Når blir ein liten skule for liten?

– Det er det opp til foreldra å avgjere. Når dei har så stort engasjement at dei opprettar ei gruppe og søkjer om å drive skulen som privatskule, betyr det veldig mykje.

Beck meiner at gevinsten av eit stort foreldreengasjement er så stor at det til ein viss grad kan vege opp for for eksempel at læraren ikkje er godt nok utdanna.

– Norsk skule si framtid er avhengig av trykk nedanfrå, og då må foreldreengasjementet opp, seier Beck.

Skule for foreldra

– Er ein stor skule eit større problem for foreldra enn for elevane?

– For dei store skulane kan byråkratisering vere eit problem. Foreldra skal vere med, men det er lagt opp til at dei skal vere ein del av maskineriet.

– Finst det ikkje ei øvre grense for kor stor ein skule kan vere?

– Internasjonal forsking viser at når elevtalet nærmar seg 600-700 begynner det å slå ut i dårlegare skuleresultat, seier Christian W. Beck

Førre skuleåret var det 3059 grunnskular her i landet, 43 færre enn året før og i alt 614.033 elevar.

Nortura har kuttet 1100 vareslag

Næring 1. august i fjor hadde Nortura 2400 produkter på markedet. Nå er det 1300 igjen. Les mer

Svineinfluensaen kostet mindre enn fryktet

Landbruk Norske bønder tapte langt mindre enn først fryktet på svineinfluensaen, viser forsikringsutbetalinger. Les mer

Ny oksesæd vekker oppsikt

Landbruk En norsk oppfinnelse som gjør at vital og utholdende oksesæd frigjøres i dagevis inne i kua, vil gjøre hverdagen enklere for millioner av bønder verden over. Les mer

Trekker lollosalat som kan gi magesjau

Landbruk Norovirus som kan gi smittsom magesyke er igjen funnet i lollosalat fra Frankrike. Les mer

Sp vil diskutere SVs gaupeutspill

Rovdyr SVs kutt i gaupejakta blir tema i Sp-ledelsen. – Jo flere gauper, jo større brudd på regjeringens politikk, sier Erling Sande. Les mer

MEST LEST AKKURAT NÅ

MEST SETT AKKURAT NÅ

VEIVISEREN

Finn veien

Trenger du hjelp til å finne fram? Bruk vår veiviser!

Beregn kjørerute

Mobilmoro

PDF OG MOBIL

Nationen på mobil

nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.

Været
  i dag i morgen
Oslo   -3.4°   -5.8°
Bergen   0.1°   -0.2°
Trondheim   -1.5°   -2.7°
Stavanger   -0.5°   -2.4°
Lom   -5.9°   -5.4°
Oppdal   -6.4°   -6.1°
Røros   -7.9°   -9.6°
Jølster   -3.7°   -3.1°
Karmøy   0.3°   -1.5°
Bryne   -0.9°   -3.0°
Gvarv   -3.3°   -4.7°
Stokke   -3.0°   -5.3°
Rakkestad   -5.2°   -7.6°
Fagernes   -6.4°   -8.0°
Stange   -4.9°   -9.1°
Snåsa   -7.2°   -6.8°
Beiarn   -9.0°   -5.0°
Bardu   -10.2°   -6.7°
Alta   -11.0°   -11.9°

Nationen

Schweigaards gate 34
Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo
Tlf.: 21 31 00 00
Fax: 21 31 00 90

Tips Nationen

Tlf. 21 31 00 67 / 21 31 00 25
SMS: Kodeord NATTIPS til 2005
Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Webredaksjonen

Sjefredaktør: Mari Velsand
Konstituert nyhetsredaktør / nettansvarlig:
Pernille Huseby
Webjournalister:
Lars Johan Wiker
Janne Grete Aspen
Bjarne Bekkeheien Aase
Sigbjørn Høidalen

Annonseavdelingen:

Markedsansvarlig internett:
Hans Jørgen Zambrano
Tlf.: 21 31 00 73 / 480 27 310
Fax: 21 31 00 91

Redaktøransvar