NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

- Vi meiner Nortura ikkje oppfyller vilkåra i avtalen. Vi har fått tilbod om snautt 3000 tonn mindre enn det vi har behov for av kylling, og alternativa er både dyrare og dårlegare for oss, seier dagleg leiar Hallstein Bø i Jærkylling AS.

- Vi meiner Nortura ikkje oppfyller vilkåra i avtalen. Vi har fått tilbod om snautt 3000 tonn mindre enn det vi har behov for av kylling, og alternativa er både dyrare og dårlegare for oss, seier dagleg leiar Hallstein Bø i Jærkylling AS.

15.06.2010næring

Hanekamp om kylling frå Jæren

Medan kyllingbønder flest slit med overproduksjon, går Norturas største konkurrent til søksmål mot bondesamvirke for å få meir av den lokalslakta kyllingen på Jæren.

Bjarne Bekkeheien Aase

bjarne.aase@nationen.no

Landets to desidert største kyllingaktørar brakar i saman i rettsstrid om kyllingleveransar.

Børsaktuelle Cardinal Foods oppgir å ha 40 prosent av den hurtigveksande marknaden for kvitt kjøtt, og dotterbedrifta Jærkylling går i spissen for eit søksmål mot Nortura for å få tilgang til meir av kyllingen frå eit felleseigd slakteri på Nærbø på Jæren .

? Vi meiner Nortura ikkje oppfyller vilkåra i avtalen. Vi har fått tilbod om snautt 3000 tonn mindre enn det vi har behov for av kylling, og alternativa er både dyrare og dårlegare for oss, seier dagleg leiar Hallstein Bø i Jærkylling AS.

Kraftig vekst

Marknaden for kylling og lyst kjøtt er blant dei mest ekspansive i landbruket. På ti år er kyllingsalet tredobla og veksten er venta å halde fram. Under finanskrisa klarde derimot ikkje salsveksten halde følgje med den kraftige produksjonsveksten. Det har ført til overproduksjon.

Sjølv om Nortura ikkje lenger er marknadsregulator på kylling, har bondesamvirke pålagt eigne produsentar 15 prosent produksjonsreduksjon for å få bukt med dei store kyllinglagra. Det bidrar nå til at Norturas største konkurrent har saksøkt kjøttsamvirke for brot på ein slakteriavtale frå 2001.

Produksjonsreduksjonen for alle Nortura-bønder fører nemleg til at slakteriet som Nortura eig i lag med Jærkylling, Nærbø kyllingslakt AS, også får reduserte tilførslar. Jærkylling har derimot ingen planar om å slutte å vekse.

? Sidan vi bygde anlegget her for seks år sidan er volumet firedobla, og vi utvida kraftig for halvanna år sidan igjen. Nå har vi kapasitet til vidare vekst, seier Bø, peiker på at innsnevringa i tilførselen frå naboslakteriet skapar vanskar i så måte.

For lite jærsk kylling

Jærkylling har ingen eigne kyllingprodusentar. Til nå har foredlingsbedrifta fått ferdigslakta kyllingskrottar på samleband via ein underjordisk tunnel frå Nærbø kyllingslakt AS, som dei eig 50/50 i lag med Nortura. Når Jærkylling ikkje lenger får nok kylling frå det felleseigde naboslakteriet, må behovet dekkjast via transport av kyllingslakt frå Austlandet.

? Transporten av kylling frå Austlandet fører til meir arbeid for oss, kostnadene blir høgare og kyllingen blir mindre haldbar. Vi meiner intensjonen med avtalen vi har med Nortura var at vi skulle få dekka vårt behov for kylling gjennom Nærbø kyllingslakt, seier Bø, som nå vil la kyllingstriden bli advokatmat.

Nortura: ? Får kylling

Stevninga er innlevert til Jæren tingrett og partane skal ha første møte om den vidare framdrifta i rettslokala neste veke. Nortura har kome med tilsvar til stevninga, men førebels er bondesamvirke tilbakehaldne med kommentarar.



? Vi er ueinige med Jærkyllings tolking av avtalen. Jærkylling skal få så mykje kylling dei vil frå oss, men vi har sjølv behov for ein del av kyllingen frå Nærbø slakteri til vårt eige sal i distriktet, seier kommunikasjonsdirektør Nina Sundqvist i Nortura.

Kyllingleveransane Nortura tilbyr Jærkylling er frå Norturas anlegg i Rakkestad og på Elverum. Fabrikksjef Frode Tjelle i Nortura Hå er også dagleg leiar i Nærbø kyllingslakt AS. Han fortel at Nortura og Jærkylling stort sett har fordelt kyllingane jamt seg i mellom. Produksjonen er på 15.000 til 16.000 tonn.

Av dette har Jærkylling meldt inn eit behov for 11.000 tonn, men fått tilbod om 8000 tonn pluss supplering frå Austlandet.

? Lokalt er samarbeid med Jærkylling godt. Eg har ingen kommentar til søksmålet, seier Tjelle til Nationen.

Nærbø kyllingslakt slaktar også nærare 1700 tonn kylling for ei anna konkurrerande kjøttbedrift, Prima Jæren. Prima Jæren har derimot eigne produsentar og er ikkje involvert i striden.

? Kunne vore unngått

Kylling skil seg ut frå dei andre store produksjonane i landbruket ved gjennomgåande mindre regulering og stor grad av fri dressur. Kylling vart tatt ut av marknadsordningane for tre år sidan gjennom det såkalla «kyllinggrepet», som skapte rom for prispåslag for andre produksjonar innafor WTO-taket for såkalla «gul støtte». Fjerninga av reguleringa gjekk greitt så lenge marknaden var i sterk vekst, men då det blei overproduksjon tårna utfordringane seg opp.

? Konflikten kunne langt på veg vore unngått dersom det framleis hadde vore marknadsregulering på kylling. Då hadde kostnaden ved overproduksjon blitt fordelt på alle aktørar. Nå er det berre Nortura-bøndene som får svi, seier leiar David Koht-Norbye i Norsk Fjørfelag.

Han viser til Nortura også hadde hatt forsyningsplikt overfor alle aktørar dersom kylling framleis hadde vore med i marknadsordningane, men han vedgår at kyllingen ikkje nødvendigvis ville kome frå det næraste anlegget. Konflikten kunne også kanskje vore unngått om produksjonen ikkje hadde blitt seinka i områda der det er størst behov for kylling, men det meiner Koht-Norbye vil vere utenkeleg å gjennomføre for Nortura.

? Så lenge Nortura er eit samvirkekonsern, så må produsentane behandlast likt i heile landet, seier han.

? Andre kan ta lærdom

Koht-Norbye meiner kyllingstriden reiser mange prinsipielle spørsmål, og han meiner også at andre produksjonar i landbruket har mykje å lære av det som nå skjer innan kylling.



? Fjerning av marknadsordningane er høgrisikosport for bøndene, og premissane kan endrast valdsamt etter kvar haustjakt. Det illustrerer godt det som nå skjer innan kylling, seier Koht-Norbye.

Han er overraska over at Cardinal Foods nå tar striden til rettssalane. Spesielt sidan det i desse dagar blir vurdert eit samarbeid mellom Nortura og Cardinal Foods om kyllingslakting i Trøndelag.

Nortura vedgår at mangelen på marknadsordningar er ei ekstra utfordring, men understrekar samtidig at dei er budde på å halde seg til dagens ordningar med avtalestyrt produksjon. Kjøttsamvirke vil heller ikkje vere med på at striden med Jærkylling og Cardinal Foods kunne vore unngått dersom produksjonen ikkje hadde blitt regulert ned flatt i heile landet.

? Nei, overkapasiteten er ei felles utfordring. Geografiske forskjellar er ikkje aktuelt, seier Sundqvist.

Snart klar for børs

Cardinal Foods, som har det finske oppkjøpsfondet CapMan som hovudaksjonar, har i lengre tid planlagt børsnotering. Målet er å hente inn 200 millionar kroner i frisk kapital, men omtrent parallelt med søksmålet mot Nortura vart børsnoteringa utsett inntil vidare. Cardinal-sjefen avviser at det er ein samanheng.

? Børsnoteringa er førebels sett på vent sidan det er så mykje uro i finansmarknaden for tida, og utsetjinga har ingen samanheng med søksmålet mot Nortura, seier administrerande direktør Torfinn Prytz Higdem i Cardinal Foods ASA.

? Vil ikkje kyllingstriden ha innverknad på verdivurderinga?

? Nei, børsnoteringa vil skje når vi opplever at finansmarknaden er mindre turbulent, seier han.

Fjorårsresultatet vart på 67,8 millionar kroner i pluss før skatt, og Cardinal-direktøren seier målet er vidare vekst.

? Vi har vakse med 15 prosent i året, medan marknaden har vakse med 10 prosent. Målet er å halde fram å slå marknaden, seier Prytz Higdem.



Publisert tirsdag 15.06.2010 kl. 00:01

Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
• Se flere programmer, med omtale »
Siste innenriks
Siste utenriks
Siste sport
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative