Grøn energi kan bli like viktig for Norge som oljeleverandørindustrien er i dag, meiner Åslaug Haga, som krev milliardstøtte til fornybarsatsinga.

08.06.2010 06:58
Den tidlegare Sp-leiaren la i går fram ein plan for satsing på fornybar energi på vegner av bransjeorganisasjonen Norsk Industri. Haga meiner grøn energi og teknologi kan bli Norges neste industrielle eventyr, og at potensialet er enormt både med tanke på eksportinntekter, arbeidsplassar og miljø.

Les også: Låge straumprisar bremser fornybarsatsing.

? Satsing på grøn energi er eit gullegg for ei rødgrøn regjering som treng gode prosjekt, og eg vil også hevde at inni gullegget er det eit kinderegg. Her får Ap industriarbeidsplassar, SV får miljøsatsing og Sp får distriktsarbeidsplassar, for mykje av aktiviteten vil skje i distrikta, sa Åslaug Haga på eit miniseminar i går.

Mandag blei ho også utnemnd til ny styreleiar i SIVA, som har som hovudoppdrag å bidra til vekst og utvikling av næringslivet i distrikta.

? Energiannleislandet

Haga skisserer eit bilete av Norge som eit annleisland når det gjeld energi. Fornybar energi utgjer ein langt større del av energiforsyninga her i landet enn dei fleste andre land kan drøyme om. Det har gjort at vi ikkje har dei same «drivarane» som andre land for å satse på ny fornybar energi. Usikker energiforsyning er ikkje eit argument her i landet, og Norge har så få arbeidsledige at det heller ikkje er eit særleg slagkraftig argument for større pengebruk på ny fornybar energi, meiner Haga.

? Vi er eit energiannleisland. Men vi har formidable fornybarressursar som vind, bio, småkraft, bølgje og tidevasskraft, og vi har kompetanse til å utnytte ressursane. Dagens velferd er bygd på utnytting av energiressursar, og det vil vere eit brot med tradisjonane våre viss vi ikkje tek naturressursane i bruk, seier Haga.

Ho meiner satsinga på grøn energi kan bli Norges neste industrieventyr, noko Norsk Industri deler fullt ut.

? Vi må ta diskusjonen kva vi skal leve av i framtida, for vi veit at over tid vil olje- og gassinntektene flate ut, sa administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri.

Han viser til at leverandørindustrien til oljebransjen i dag har 88.000 tilsette fordelt på 1500 bedrifter. Omsetninga er på 200 milliardar kroner i året.

? Denne industrien er eit resultat av ein villa politikk der ein la til rette for å byggje opp ny industri. Det er eventyret til oljeleverandørindustrien vi ønskjer å kopiere for å byggje opp ein industri knytt til fornybar energi, seier Lier-Hansen.

Krev milliardstøtte

Både Haga og Lier-Hansen viser til at marknaden for fornybar-teknologi er gigantisk.

? Internasjonalt skjer det svært mykje, sjølv om det ikkje skjer allverdens her i landet. I dag har nasjonen Norge ingen plan for kva vi vil. Eg vil derfor utfordre Stortinget til å stake ut kursen, for det hastar dersom vi skal klare vere med å konkurrere om milliardkontraktane internasjonalt, seier Haga.

Ho legg ikkje skjul på at det må milliardstøtte frå staten til om ein skal lukkast i å byggje opp ein heimemarknad for bedrifter innan grøn energi, og at låge straumprisar gir ei ekstra utfordring i så måte.

? Med dagens støttesatsar er det ei utfordring å få utbygging av alternativ energi lønsam, og innføringa av grøne sertifikat vil i første rekke føre til meir utbygging av småkraft. Det må meir til, og utan politisk vilje lar fornybarsatsinga seg ikkje realisere, seier Haga til Nationen.

Ho lanserte i går fire prioriterte område der punkt ein var ein større og sterkare leverandørindustri for fornybar energi. I tillegg vil Haga og Norsk Industri ha økt produksjon av fornybar energi, økt utnytting av biomasse og meir energieffektivisering.

? Eit av dei viktigaste grepa er å opprette eit fond for miljøteknologi på 1 milliard kroner, der staten går inn med halvparten, seier Haga, som krev storsatsing på grøn energi frå regjeringa ho tidlegare var ein del av.

Emneord
Les også