NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

? Det har alltid vore dyrt å vere fattig, og slik er det også for Nortura, seier styreleiar Sveinung Svebestad i Nortura.

? Det har alltid vore dyrt å vere fattig, og slik er det også for Nortura, seier styreleiar Sveinung Svebestad i Nortura.

08.05.2010næring

Rentesmell for Nortura

Nortura kan spare 45 millionar kroner årleg i renter om kjøttsamvirke får like gode lånevilkår som Tine. Meir eigenkapital vil dra i rett retning.

Bjarne Bekkeheien Aase

bjarne.aase@nationen.no

Finansnæringas vurdering av den økonomisk ryggrada i dei to samvirkeselskapa gir direkte utslag på botnlinja i rekneskapen. Medan Tine blir vurdert som eit svært solid selskap, noko som gir låg rente på låna, gir Norturas tronge økonomi og langt svakare eigenkapital høgare satsar på lånerenta. Forskjellen er på 1,5 prosentpoeng, noko som utgjer 45 millionar kroner i ekstrautgifter i året for slakterisamvirket.

– Det har alltid vore dyrt å vere fattig, og slik er det også for Nortura. Dersom vi får til positiv utvikling over tid, og utvidinga av eigenkapitalen kjem på plass, så er derimot sjansane for å få betre rentevilkår gode, seier styreleiar Sveinung Svebestad i Nortura.

Styrkar eigenkapitalen

Årsmøte i Nortura vedtok for ei vekes tid sidan einstemmig å endre vedtektene for å hente inn rundt 250 millionar kroner i fersk eigenkapital frå eigarane. Det obligatoriske andelsinnskotet blir auka til 12.000 kroner for dei godt over 20.000 egg- og kjøttprodusentane i samvirke, og i tillegg håper konsernleiinga i Nortura at fleire bønder gå inn med ekstra kapital gjennom frivillige og individuelle ordningar.

Nettopp det at vedtaket var einstemmig trur konsernleiinga i Nortura er viktig for kredittvurderinga i marknaden.

– Årsmøte dokumenterte at eigarane står klart og tydeleg bak Nortura, og det er viktig for vurderinga i kredittmarknaden, seier konserndirektør for økonomi Kai Linnes i Nortura.

Eigarane i Nortura vil i desse dagar få brev med informasjon om endringane. Kvar enkelt vil dei neste vekene måtte ta stilling til dei ulike alternativa for innbetaling, og både Svebestad og Linnes understrekar at høg oppslutning om innbetalinga er like viktig for kredittvurderinga til Nortura som det einstemmige årsmøtevedtaket.

Siktar oppover

Norturas økonomiske situasjon førte til nedrykk i den såkalla kredittratinga for eit par år sidan, og i fjor stod samvirkeselskapet i fare for å bli ytterlegare degradert. Den kraftige resultatforbetringa på slutten av året og styrka eigenkapitalen hindra derimot det. Ved årsskiftet var Nortura igjen oppe i 33,5 prosent i eigenkapitalandel, medan målet er å nå 40 prosent innan 2012. Tine hadde til samanlikning 47 prosent eigenkapitalandel ved årsskiftet.

– Etter fjoråret kan det nok bli krevjande å nå målet alt i 2012. Samtidig er det opning for å gå ned mot 30-talet att ved planlagd ekspansjon, seier Linnes.

Ein annan faktor som er viktig for kredittvurderinga er innteninga og kontantstraumen i selskapet. Her har Nortura som kjent mål om å betre lønsemda med 2,5 milliardar kroner innan 2012, noko slakterikonsernet skal vere godt over halvvegs med å gjennomføre. Og dobling av resultatgraden skal ha like stor positiv effekt på rentevilkåra som å halvere gjelda, ifølgje utsegn Nortura har fått frå finansnæringa.



Publisert lørdag 08.05.2010 kl. 05:00

Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
• Se flere programmer, med omtale »
Siste innenriks
Siste utenriks
Siste sport
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative