Det obligatoriske andelsinskuddet blir 12 000 kroner. Harald Aune oppfordrar alle Nortura-eigarar til å stille opp med eigenkapital til samvirkeselskapet, etter at vedtektsendringane nå er i boks.

21.04.2010 17:52
Årsmøte til Nortura vedtok i ettermiddag einstemmig å endre vedtektene for dermed å leggje til rette for styrking av eigenkapitalen.

Full støtte

På førehand var det knytt stor spenning til saka sidan fleire røyster i vinter var kritiske til måten eigenkapitalen etter forslaget skulle innbetalast på. Men debatten uteblei.

Alle som tok ordet understreka behovet for styrka eigenkapital, og få hadde innvendingar til måten innbetalingane etter forslaget skulle kome på.

12.000 kroner på kvar

Styreleiar Sveinung Svebestad i Nortura var både letta og glad etter vedtaka.

? Dette har vore ein svær prosess i organisasjonen. Og når årsmøte så eintydig støtter opp om forslaga, så kan eg ikkje seie anna enn at kjensla er svært god, sa Svebestad.

Nortura reknar med å få inn rundt 200 millionar kroner i obligatoriske medlemsinnskot, fordelt på 12.000 kroner flatt frå kvar bonde. Men den enkel-te kan velje å ta trekket over to år.

I tillegg kjem det som måtte kome av tilleggsandelinnskot, som er ei frivillig ordning.

Årsmøte sette også av 70 millionar kroner til den nyoppretta ordninga med individuell medlemskapital, og 30 millionar kroner til felleseigd eigenkapital.

Samla sett vil Nortura få klart styrka eigenkapital, noko som kan gi betre lånevilkår på sikt.

Første krone på plass

Ein av utsendingane som støtter heilhjarta opp om for-slaga til eigenkapitalstyrking er Harald Aune frå region Midt-Norge nord. Verran-bonden stilte alt på årsmøte i fjor med ei symbolsk krone til styrka eigenkapital, og nå håper han at yrkesbrørne også stiller opp.

? Eg er ikkje det minste i tvil. Eg stiller både med eigenkapital og tilleggskapital. Når Nortura treng pengar, så må vi bønder stille opp. Dette er akkurat som å investere i vår eiga gardsdrift. Noko anna ville vere ei fallitterklæring, seier Aune til Nationen.no.

Han er sjølv sauebonde, og han meiner det er minst like viktig for sauebønder å bidra som alle andre Nortura-eigarar. Eit flatt tilskot støtter han også.

? Vi skal ikkje ha ei inndeling i A- og B-medlemer, så eit flatt innskot er heilt i orden, seier han og oppfordrar både små og store produsentar om å støtte opp.

Startar kronerulling

Samtidig meiner sauebonden frå Verran at det er viktig å stille krav til avkasting på eigenkapitalen, og det gjorde han også til gagns då han la den første krona i potten.

? Om ti år satsar eg på å få 2,50 kroner tilbake for den krona eg la på bordet, seier Aune og smiler.

Han håper og trur at tett opptil 100 prosent av Nortura-eigarane blir med på kronerul-linga som nå blir sett i gang i slakterisamvirke.

? Kome styrka ut

Styreleiar Sveinung Svebestad trur Nortura skal kome styrka ut etter dagens årsmøtevedtak.

? Årsmøte har vore både konstruktivt og offensivt i dag. Framleis står den viktigaste jobben att, nemleg å få alle våre medlemer med oss vidare. Men eg både trur og håper at Nortura vil kome styrka ut, seier Svebestad.

Les også:
Hard debatt om Nortura-kapital


Les også:
Nortura vurderer ultimatum


Emneord
Les også