Norturas nye superslakteri i Malvik vil heilt eller delvis erstatte åtte anlegg.
Onsdag startar Nortura sitt årsmøte. Utfordringane står i kø for selskapet. Eit av tiltaka for å skape eit meir konkurransedyktig selskap er å lage færre og større slakteri, meiner leiinga i selskapet. I mai åpner det nye kjempeslakteriet i Malvik.
Over 600 millionar kroner er investert i det 20.000 kvadratmeter store anlegget. Anlegget vil ha kapasitet til å slakte minst 65.000 storfe og over 185.000 lam årleg.
Både med tanke på økonomi og energi blir anlegget langt meir effektivt enn dagens anleggsstruktur, og fabrikksjef Knut Aursand trur også forbrukarane vil setje pris på ei rekkje tiltak som vil gi betre dyrevelferd og reinare og tryggare kjøtt.
? Det er ein liten revolusjon, ja, og framstega er store. Arbeidsforhold for dei som skal jobbe her blir betre, og samla blir dette eit løft for heile bransjen, seier fabrikksjef Knut Aursand i Nortura Malvik.
Overtek etter åtte anlegg
Malvik-satsinga til Nortura i Sør-Trøndelag har ikkje berre vore ein dans på roser. Ein periode i fjor såg det ut til å bli full skjering mellom samvirkeselskapet og konkurrenten Spis Grilstad.
I dag er striden derimot for lengst skrinlagd og avtalen om leigeslakting er i boks. Nå ser både Aursand og konsernleiinga i Nortura fram til å kunne hauste gevinsten av det store utbyggingsprosjektet.
? Vi gler oss veldig til å kome i gang. Det blir eit topp moderne anlegg, og det er tenkt kvalitet, HMS, hygiene, dyrevelferd og effektivitet gjennom heile linja, seier Aursand.
Malvik-fabrikken vil heilt eller delvis erstatte Nortura-anlegga i Namsos, Fosen, Oppdal og Trondheim, og undervegs i byggjeprosessen har det også blitt klart at delar av aktiviteten i Ålesund vil bli kanalisert til Malvik.
I tillegg overtek det nye anlegget heilt eller delvis produksjonen Grilstad har i Levanger, Oppdal og Verdal.
? Så samla skal Malvik-utbygginga meir eller mindre erstatte åtte av dagens anlegg, seier Aursand, som meiner investeringa i Malvik representerer framtida for slakteridrifta til Nortura.
? Vi meiner det som er gjort er heilt rett. Nye anlegg er langt meir straumlinjeforma og effektive, og det ville vore svært kostbart å ruste opp mange anlegg til same høge standard. Vi er avhengig av å levere det kunden vil ha, og marknaden etterspør stadig billigare og betre matvarer, seier Aursand.
Lettare drift og betre kjøtt
Blant nyvinningane på slakteriet er eit avansert kjølesystem som skal gi raskare og betre nedkjøling av kjøttet, og transportband med automatisert styring som erstattar tung skyving av skrottar på krok. Kvart slakt vil vere isolert og identifiserbart gjennom heile produksjonskjeda, noko som skal gi betre hygiene og mindre bakteriefare.
Og i tillegg kjem dyrevelferdstiltak som betre mottak av levande dyr og avliving før klipping av sauene. Mellom 170 og 180 tilsette vil jobbe ved anlegget.
Norturas fabrikkareal i området vil som følgje av utbygginga gå ned med 30.000 kvadratmeter, noko som vil redusere energiforbruket med 20 til 25 prosent, ifølgje konserndirektør Nina Sundqvist.
Og sjølv med sentralisert produksjon vil gjennomsnittleg transporttid berre auke med 35 minutt for storfe og 8 minutt for småfe.
? Investerer for framtida
Malvik-utbygginga er Norturas klart største enkeltinvestering dei siste åra, og i snitt har samvirkeselskapet hatt ein investeringstakt på rundt 700 millionar kroner sidan 2007. Slik bør det vere om Nortura skal klare vere konkurransedyktig framover, meiner styreleiar Sveinung Svebestad.
? Så langt har vi funne og delvis sett i verk tiltak som gir 1,5 milliardar kroner i innsparing på drifta, men målet er 2,5 milliardar kroner. Skal vi hente ut ein milliard til i kostnadsreduksjon, må investeringsnivået halde seg minst på dei siste åras nivå, seier Svebestad, som på årsmøte i dag legg fram forslag til styrking av eigenkapitalen nettopp for å ruste Nortura investeringane som trengst framover.
Slik var den samla marknadsposisjonen til Nortura på slakting fordelt på fylke i 2009. Oversikta viser prosent, og prosentpoeng endring frå året før:
Investeringar på over 700 millionar i året skal gjere Nortura konkurransedyktig. Har du tru på sentralisering av slakterier? Si meniga di nedst i saka.
21.04.2010 17:04
