Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre fremja i går forslag om å innlemme alle småkraftverk i overgangsordninga for grøne sertifikat.
Les meir her:
To stemmer frå Sp er nok til å gje over 150 ferske småkrafteigarar eit økonomisk løft.
– Dette er ikkje ei stor nok sak til at me vil lage ufred i Regjeringa, held Sande fram.
– Unik muligheit
– Eg er skuffa over å høyre Sande, seier daglig leiar Bjørn Lauritzen i Småkraftforeninga:
– Her får Senterpartiet ei lissepassning frå opposisjonen. Og dette er ei sak som eg veit at mange lokale Sp-folk brenn for.
Seinast sist veke vedtok fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Senterparti ein resolusjon heilt i tråd med forslaget som i går kom frå Stortings-opposisjonen.
– Me krev at tidlegare lovnader blir haldne om at alle småkraftverk bygde etter 2004 blir med i ordninga for grøne sertifikat, står det i den regionale Sp-resolusjonen.
– Senterpartiet har no ein unik muligheit til å gjennomføre den politikken som partiet sjølv ynskjer, seier småkraftleiar Lauritzen.
Berre for mikro og mini
Den 26. november i fjor la olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) fram overgangsordninga for ein felles elsertifikatmarknad med Sverige. Kraftverk med byggjestart etter 1. januar 2004 skulle få vere med, sa Riis-Johansen, men berre kraftverk med ein installert effekt under 1 megawatt. Det vil seie berre anlegg som blir definert som mikro- og minikraftverk. For større utbyggingar blei grønvaskingsdatoen sett til 7. september 2009.
– Då fell dei fleste utanfor overgangsordninga. Av kraftverk som våre medlemer har bygd etter 2004, er vel 30 mindre enn 1 megawatt, medan 150 er større, fortel Lauritzen.
Opposisjonspartia på Stortinget viser til lovnadene som blei gitt i 2003 og 2004. Ein samrøystes energi- og miljøkomite la då til grunn at alle som investerte i fornybar energi etter 2004 måtte få nyte godt av grøne sertifikat. Dåverande olje- og energiminister Einar Steensnæs (KrF) uttalte i ei pressemelding:
«Sertifikatberettigede anlegg for elektrisitetsproduksjon med byggestart etter 1. januar 2004 vil ha mulighet til å delta i et system for grønne sertifikater, selv om et slikt system måtte bli etablert etter dette tidspunktet.»
Ministeren og Stortinget ynskte å gje forsikringar til kraftbransjen for å unngå investeringstørke i tida fram til endeleg vedtak.
– Alt i alt ein stor siger
Sande meiner at ei regjering ikkje er forplikta av kva tidlegare regjeringar har sagt.
– Senterpartiet støttar lovnadene Steensnæs kom med, men me nådde ikkje heilt fram denne gongen, seier han.
– Men me fekk kjempa gjennom at alle kraftverk med byggjestart etter 7. september 2009 får grøne sertifikat. Det gjer at denne saka alt i alt er ein stor siger for oss, seier Sande.
Publisert fredag 12.03.2010 kl. 00:20

