Nortura vil meir effektivt produsere daglegvarehandelens eigne merkevarer.

18.02.2010 00:01
Det er ein av strategiane for å sikre varig konkurransekraft.

Konsernsjef Geir Olav Opheim i Nortura manar til samarbeid der kolonialmajor Odd Reitan i Rema 1000 nyleg erklærte krig.

– Daglegvarekjedene kjem berre til å auke innslaget sitt av eigne merkevarer (EMV). Den utviklinga må me vere med på, seier Opheim.

– Rema 1000 tener gode pengar på å selje våre merkevarer. Så skal me bli flinkare til å finne løysingar og få lønsemd i å produsere Remas merkevarer, fortel konsernsjefen.

Operasjon førstehjelp

Opheim kom med utspelet då han onsdag la fram Norturas årsresultat for 2009.

Rekneskapet viser at konsernet har kome ut av det som i fjor vår stod fram som ei akutt krise.

– Me har greidd å kutte kostnader og innfri krava frå bankane. Me er over den verste kneika, men det står mykje att. Bruttomarginane på salet av kjøtt og egg er like hardt nedpressa som då omstillinga starta, seier Opheim.

I 2012 skal Nortura ha forbetre årsresultatet med 2,5 milliardar kroner i høve stoda i vår.

– Ved utgongen av 2009 hadde me forbetra oss med vel 700 millionar kronar, men der berre 300 millionar kroner er ein varig effekt. No startar jobben med å sikre konkurransekraft for framtida, fortel Opheim.

Eigedomar sikra pluss

Før renter og avskrivingar gjekk Nortura i fjor med 792 millionar kroner i overskot, mot 635 millionar kroner året før. Resultatet før skatt enda på 159 millionar kroner. I dette ligg ein eingongsgevinst på 183 millionar frå salet av eigedomar på Løren i Oslo og Tunga i Trondheim.

På den hi sida hadde konsernet i fjor 210 millionar kroner i eingongskostnader til omstilling for tilsette på oppseiing, som drog sluttresultatet ned.

Ut frå at Nortura omsette varer for 17,3 milliardar kroner i fjor, er likevel eit overskot før skatt på 159 millionar lite å skryte av for ei næringsverksemd.

– Me må forbetre oss. Ikkje minst sidan me treng midlar til store investeringar i moderne anlegg og utstyr, seier Opheim.

Eigna til å byggje lojalitet

Særleg dei siste fire månadane av 2009 gjekk godt for Nortura.

– Me har aldri hatt eit så bra tertialsresultat, samstundes som me aldri har hatt så låge marginar på varene me sel. Me har styrka eigenkapitalen vår og redusert den renteberande gjelda. Trass den harde marknadssituasjonen er det mange positive teikn, fortel konsernsjefen.

Styreleiar Sveinung Svebestad i Nortura er òg tilfreds med tala som blei lagt fram i går.

– Med dette resultatet å vise til, blir det lettare å få med bøndene vidare, seier Svebestad.

Oppstyret rundt auka medlemsinnskot trur han vil roe seg.

– No kan me for alvor starte debatten kring oppbygginga av eigenkapital. Noko av poenget er å lage ordningar som premierer lojalitet. Og så må staten betale meir for at me forpliktar oss til å hente slaktedyr og egg over heile landet, seier styreleiaren.

Emneord
Les også