Ho ser alvorleg på tidsbruken i den regjeringsvarsla konsekvensanalysa av å opne desse havormåda for olje og gass.
- Eg håper ikkje analysen tek for lang tid, fordi det vil ta mellom ti og tjue år å få opp produksjonen på nye felt, seier Ulstein til NRK Møre og Romsdal .
Ulstein meiner at miljøvernorganisasjonane til tider har fått dominert media i for stor grad. Ho meiner at oljeselskapa burde ha vore meir offensive.
- Oljeselskapa må vere heilt sikre på at dei har rett når dei uttalar seg om noko. Når det kjem ein påstand, så kan det difor ta litt tid før oljeselskapa kjem på banen. Når det har gått tre månader, og det kjem ein notis om at påstanden var feil, så er det ingen som hugsar saka. Om oljeselskap er litt meir offensiv, så får vi kanskje ein meir ballansert debatt, seier Ulstein.
Stikkordet er ordretørke. Den maritime industrien er avhengig av nye oppdrag, og dei må kome i løpet av 2010.
- Det viktigaste er kanskje å halde orden på handlingsregelen og eit godt statsbudsjett. Eg veit at det er mange som synest at det er kjedeleg å høyre, men kronekursen og rente er viktig for oss. Og så er det slik at i den grad vi har behov for å fornye kystflåte eller først og fremst kanskje Kystverket med beredskapsfartøy og slike ting, så er det viktig at bestillingane kjem no, ikkje når marknade er tilbake igjen, seier Gunvor Ulstein til distriktssendinga.
Publisert tirsdag 09.02.2010 kl. 17:00
