NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

Tine har selt to meierianlegg på Jæren på kort tid, og to andre meieri på Jæren er også for sal. (Illustrasjonsfoto)

Tine har selt to meierianlegg på Jæren på kort tid, og to andre meieri på Jæren er også for sal. (Illustrasjonsfoto)

08.02.2010næring

Meierisal for mange millionar

Tine har på få månader selt to meieri på Jæren for fleire titals millionar kroner.

Bjarne Bekkeheien Aase

bjarne.aase@nationen.no

I dag vart det kjent at den 22 mål store meierieigedommen på Voll i Klepp kommune på Jæren er kjøpt av ei investorgruppe med avtroppande banksjef i Klepp sparebank, Gabriel Block Wathne, i spissen.

Det skriv Aftenbladet.no.

Fekk 18 millionar tidlegare

Det er berre få månader sidan Brelett-meieriet til Tine, også det lokalisert i Klepp, vart seld for 18 millionar kroner.

- Minst 25 millionar til

Summen Tine får for Voll-meieriet er førebels ikkje kjend.

Men sidan Voll-meieriet har heile 18 mål bygningsmasse, noko som er langt meir enn Brelett-eigedommen, meiner Aftenbladet at Tine inkasserer minst 25 millionar kroner.

Frå meieri til næringspark

Investorane vil utvikle meieri-eigedommen på Voll til næringspark.

- Vi har kjøpt ein spanande eigedom med bra beliggenhet. Vi ser for oss forskjellige typer større og små bedrifter, seier Block Wathne til avisa.

Også administrerande direktør i Tine Meieriet Sør, Kjetil Thu, er nøgd med avtalen.

Fire meieri blir til eitt stort

Dei to omtalte meieria og meieria på Nærbø og VIkeså skal alle leggjast ned dei komande åra.

Dei blir erstatta av eit nytt gigantmeieri som er under oppføring i Kviamarka i Hå kommune på Jæren.

Sjekk denne:
Følg bygginga av gigant-meieriet


Det nye meieriet skal stå ferdig hausten 2011.



Publisert mandag 08.02.2010 kl. 18:06 (Sist endret mandag 08.02.2010 kl. 18:50)
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
• Se flere programmer, med omtale »
Siste innenriks
Siste utenriks
Siste sport
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative