– Me omsette 660.000 kubikkmeter tømmer i fjor, som er ny rekord, fortel daglig leiar Per Kveseth i Nortømmer.
Rekorden kjem trass i at det i 2009 blei hoggen mindre skog her i landet enn kanskje nokon gong etter krigen.
– Skogeigarane sjekkar fleire alternativ enn berre samvirket. Kan me tilby dei beste avtalane, er det mange som heller leverer tømmeret gjennom oss, held Kveseth fram.
Bonus til dei store
Skogeigarsamvirket med sine åtte andelslag er framleis den dominerande aktøren på tømmermarknaden, med over 70 prosent av salet. Men til liks med Nortura, kjenner dei konkurransen.
Viken Skog, det største av dei åtte andelslaga, svara frå nyttår med å meir enn doble bonusen til alle som leverer minst 2000 kubikkmeter. Dei store leverandørane får no 30 kroner meir utbetalt per kubikk enn dei små.
I tillegg har Viken innført ei omstridd sørvisavgift, som gjer at skogeigarane betalar felleskostnader ut frå eigardel, ikkje ut frå mengde levert tømmer.
– Skogeigarane er ikkje like lojale som tidlegare, og dei leverer meir fritt til kven dei vil. Me kan berre konkurrere med å vere best på pris, seier organisasjonsdirektør Stig Sorthe i Viken.
Kaprar skogeigarar
Ein annan konkurrent til Viken Skog og skogeigarsamvirket er SB Skog, som er eigd 50 prosent av Statskog SF og 50 prosent av Borregaard Skoger AS.
– Totalt omsette me snautt 700.000 kubikkmeter tømmer i fjor. Me hadde ein liten nedgong frå året før, men det skuldast særleg at me mista oppdraget for Statskog. At Statskog forsvann, og at me likevel greidde å halde volumet så pass oppe, viser at me fekk til mange nye leveringskontraktar, fortel marknadssjef Jon Gultvedt i SB Skog.
Han merkar at skogeigarane testar ut fleire alternative.
– Då gjeld det at me er gode på både pris og sørvis. SB Skog er fullt rigga til å tilby alt frå planting til slutthogst, og me satsar på å vekse, seier Gultvedt.
Følsame for pris
Administrerande direktør Gudbrand Kvaal i Noregs Skogeierforbund har følgd konkurransesituasjonen på tømmermarknaden gjennom mange år. Han innrømmer at for samvirket var 2009 eit dårleg år.
– Historisk ser me at når samla avverking går ned i Noreg, blir svikten særleg stor for samvirket. Det skuldast at me organiserer mange små skogeigarar, som ser meir på tømmerprisen før dei høgg. Slik sett trur eg me skal vinne tilbake gamle posisjonar når prisane og hogsten tek seg opp, fortel Kvaal.
Totalt blei vel 4,9 millionar kubikkmeter seld gjennom skogeigarandelslaga i fjor, som er ny botnrekord.
Utfordrande demokrati
Kvart andelslag i samvirket har eigne prisreglar, men innanfor kvar lagsgrense er reglane felles. Konkurrentane Nortømmer og SB Skog teiknar individuelle avtalar med ein og ein skogeigar. Det gjer at dei kan gje ein særleg god pris til store og trufaste leverandørar nær industrien.
Kvaal fortel at skogeigarsamvirket har fleire utfordringar:
– Det er vanskeleg for samvirket å bli like strømlineforma som konkurrentane våre. Samvirket tek på seg ein del fellesoppgåver, som til dømes kring skogsertifiseringa, og alle avgjersler må gjennom omfattande demokratiske prosessar.
Han viser vidare til minkande utbytte frå skogeigarsamvirkets store aksjepostar i treforedlingsindustrien.
– I det siste har me ikkje hatt noko aksjeutbytte å dele ut. Det kan vere med å svekke lojaliteten. Elles må me berre skjerpe oss og arbeide ut frå erkjenninga at konkurrentane våre er gode, seier Kvaal.
Skogeigarsamvirkets omsetjing av tømmer stupte med 25 prosent i fjor, medan konkurrenten Nortømmer auka.
14.01.2010 01:30
