Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kreditorar tek over Norske Skog–fabrikkar

Lånegivarene til Norske Skog tek kontroll over dei sju fabrikkane til konsernet.

Tidlegare konsernsjef Sven Ombudstvedt går no inn som styreleiar i Norske Skog AS, som er dotterselskap til konsernet Norske Skog ASA.

Det er Dagens næringslivs nettutgåve dn.no som skriv om at lånegivarane til Norske Skog har mista tolemotet.

Tidlegare konsernsjef Sven Ombudstvedt går no inn som styreleiar i Norske Skog AS, som er dotterselskap til konsernet Norske Skog ASA.

Ombudstvedt sa opp jobben som konsernsjef i mai i år, og selde aksjane sine i selskapet.

I feire månader er det forhandla for å finne ei frivillig løysing for å hjelpe konsernet ut av gjeldsproblema. No tek dei fem største kreditorane til konsernet kontroll over fabrikkane.

Les kommentaren til Michael Brøndbo: En skjebnestund for norsk skog

Annonse

Ombudstvedt seier til dn.no at det er brukt lang tid på å forsøke å kome fram til ei løysing, alt mogleg har blitt prøvd, utan hell.

E24 skriv at Oslo Børs førebels har stoppa handelen med Norske Skog-aksjar.

Les også: - Norske Skogs gjeldssituasjon er eit godt eksempel på den galskapen som har fått utvikle seg i finanssektoren

Neste artikkel

Ja til Sveaas-planen