Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

400 småkraftverk har enno ikkje nytta konsesjonen

Meir enn 400 småkraftverk har enno ikkje nytta den konsesjonen dei har fått. Her har norske bygder mykje å henta, meiner Småkraftforeninga som har samla dei unytta konsesjonane i ein ny rapport.

I Småkraftrapporten har Småkraftforeininga samla ei oversikt over alle småkraftkonsesjonane som enno ikkje er nytta. Rapporten inneheld også tips til korleis dei kan realiserast. Sandvik kraftverk i Vindafjord som blei realisert med støtte frå eit nerderlandsk storkonsern er eitt av småkraftverka som blir omtalt i rapporten. Foto: Knut Olav Tveit / Småkraftforeininga

– Dette er eit uforløyst potensial for ei formidabel verdiskaping ute i norske bygder. Aktivitetsnivået i småkrafta er framleis høgt, men framleis er det slik at det er stillstand rundt mange av desse prosjekta. Det ønskjer vi i Småkraftforeninga å gjera noko med. Difor har vi laga Småkraftrapporten – ei samla oppstilling av potensialet med råd og tips til korleis eit prosjekt kan realiserast, seier dagleg leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga i ei pressemelding.

Annonse

Småkraftrapporten blei torsdag lagt fram på konferansen «Kraft i Vest» i Sandane i Sunnfjord.

Tveit håpar rapporten kan utløysa kreativitet, handlekraft og stå-på-vilje i småkraftbransjen.

- Dei unytta konsesjonane representerer eit utforløyst potensial for ei formidabel vediskaping i norske bygder, seier dagleg leiar Knut Olav Tveit i SmåkraftforeiningaFoto: Småkraftforeininga

Ferdig utbygd kan dei ubygde kraftverka ifylgje Småkraftforeninga forsyna 160.000 husstandar med straum. Gjennom levetida til småkraftverka meiner Thema Consulting, som har laga rapporten, at småkraftverka kan generera 13.200 årsverk i distrikta og bidra til 56 milliardar kroner i bruttonasjonalprodukt.

Neste artikkel

Dyrevernalliansen oppfordrer pelsdyroppdrettere til å kreve penger fra egne organisasjoner