Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vindkraft på ope hav kan dekkje alt straumbehov

Djupvassvindkraftverk langt til havs har potensial til å dekkje straumbehovet i heile verda, viser ein ny amerikansk studie.

Vinden på ope hav kan generere minst tre gonger så mykje energi som landbaserte vindturbinar. Foto: Colourbox

Det er forskarar ved The Carnegie Institution for Science i Washington som har rekna ut at vinden på ope hav kan generere minst tre gonger så mykje energi som landbaserte vindturbinar.

– Resultata våre tyder på at ein slik teknologi, om han vart teknisk og økonomisk gjennomførbar, har potensial til å levere straum i verdsskala, går det fram av forskingsrapporten, som er publisert i tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences.

Annonse

Årsaka til dei store vindgevinstane ute på havet er at energistraumane frå dei høgare laga i atmosfæren er mykje sterkare der enn nær land og på land.

Neste artikkel

Taktfast mot pelsdyroppdrett