Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Villaksdød kan føre til produksjonskutt for oppdrettarar

Lakseoppdrettarar risikerer å måtte kutte i produksjonen som eit resultat av villaksdøden.

Lakseoppdrettarar i Sogn og Fjordane og Hordaland risikerer å måtte kutte i produksjonen som eit resultat av at mykje villakssmolt i området døyr. Foto: Mariann Tvete

Førre veke blei det kjent at vel 80 prosent av villakssmolten i elvene i Sogn og Fjordane og Hardanger døyr på grunn av lakselus.

Oppdrettarar i områda risikerer no å måtte kutte i produksjonen som eit resultat av villaksdøden.

Annonse

– Uansett kva vi gjer så blir det oppfatta som at vi ikkje gjer jobben vår. Dei fleste oppdrettarane står på dag og natt for å overvinne luseproblemet, seier samfunnskontakt i lakseoppdrettsselskapet Osland Havbruk, Geir Helge Østerbø, til NRK.

Oppdrettarane i Hordaland og Sogn og Fjordane risikerer no å bli tvinga til kutt i produksjonen med seks prosent, om ikkje laksedøden kjem under tretti prosent.

– Det er tragisk om det blir utfallet. Fleire i næringa er skeptiske til metodane som blir brukte til å måle lusesituasjonen. Ein nedgang på seks prosent høyrest kanskje ikkje mykje ut, men det blir mindre arbeid, mindre å gjere, det kan føre til permisjonar, og det er eit dårleg signal frå regjeringa, seier Østerbø.

Østerbø meiner oppdrettarane har avgrensa påverknad på kor mykje lus som blir talt på villfisken og at oppdrettarar berre kan ha kontroll på situasjonen i merdane.

Neste artikkel

Dales habilitert vurdert – kan bli inhabil i flere saker