Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vestfoldgartnar heidra med pris i Berlin

Frilandsgartneriet Bjertnæs og Hoel frå Nøtterøy i Vestfold vann torsdag den nasjonale bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2017. Prisen blei delt ut i samband Grüne Woche i Berlin.

Inger Solberg frå Innovasjon Norge, Henrik Raastad-Hoel og Åsmund Bjertnæs frå Bjærtnes og Hoel AS og til høgre landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Vidar Alfarnes/LMD

– Bjertnæs og Hoel oppfyller kriteria for prisen på ein ekstraordinær måte. Dei driv ei innovativ og nyskapande verksemd med solid økonomi, store positive ringverknader og ei drift med søkjelys på miljø og berekraft, seier divisjonsdirektør Inger Solberg i Innovasjon Noreg.

Det er Innovasjon Noreg som deler ut prisen som er på 250.000 kroner.

Hovudproduksjonen til vestfoldgartneriet er isbergsalat, hjartesalat og småpotet. Potetproduksjonen deira blir spesielt framheva.

– Gjennom produktutvikling, merkevarebygging og utvikling av ein landsdekkjande distribusjon, har dei i stor grad klart å erstatta import av småpotet med si eiga småpotet, heiter det i pressemeldinga om prisvinnaren.

Annonse

Dei to andre nominerte til bedriftsutviklingsprisen var Jone Wiig Gartneri AS frå Rogaland og Røros Rein AS frå Trøndelag. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) er djupt imponert over alle dei tre kandidatane.

– Dei tre kandidatane er alle av ypparste klasse. Eg er imponert over kva landbruket kan visa til av godt og lønsamt entreprenørskap – noko både vinnaren og dei nominerte til BU-prisen er eit godt uttrykk for, seier han.

Neste artikkel

Datasentre kan gi tusenvis av distriktsarbeidsplasser