Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Verdsmeisterskapen i ost kan kome til Noreg

Det norske ostemiljøet er høge etter suksessen i World Cheese Awards førre veka, og prøver nå å få dette VM for ostar til Noreg, nærare bestemt til Bergen.

Janne Grete Aspen
Publisert: 21.11.16 12:41 | Oppdatert: 22.11.16 19:28

Sist veke toppa den norske blåmuggosten «Kraftkar» frå Tingvollost dei gjævaste sigerspallane i den store ostekonkurransen World Cheese Awards.

Ostefolka kvilte ikkje lenge på laurbæra, alt tidleg måndag var dei i møte med Landbruks- og matdepartementet for å få til eit samarbeid før dei søkjer.

Fekk ja

– Eg vil tru departementet stiller seg positiv til prosjektet, seier Bernt Bucher-Johannessen, dagleg leiar i Hanen, den landsdekkjande næringsorganisasjonen for verksemder innan bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske nøgd.

– Økonomisk og politisk må vi ha med oss både departement og innovasjon, seier Bucher-Johannessen.

– Den store ostekonkurransen er ein del av ein større matfestival. Det ville vore ei fjør i hatten å få eit slikt arrangement til Noreg, og festivalen ville vere eit løft for heile den norske matproduksjonen, seier Bucher- Johannessen.

Større samarbeid

I mange år vart konkurransen arrangert i London eller Birmingham i Storbritannia. Då den norske miljøet fekk vite at årets konkurranse skulle vere i San Sebastián i Baskerland i Spania, fekk dei idear.

– San Sebastián er ein europeisk kulturby, det er Bergen også, så kan San Sebastián har World Cheese Awards, kan Bergen det.

Bergen står både på Unescos verdsarvliste med bryggene og på lista over gastronomiske byar (Cities of gastronomy).

– Ein festival må også sjåast i samanheng med utvikling av norsk reiseliv, matturisme og liknande. Men ein slik festival kan setjast inn i eit større bilete, med skinker og rakfisk og mykje meir.

– Når kan det bli festival i Bergen?

– World Cheese Awards er ikkje akkurat eit lite arrangement, med over 3000 ostar og fleire hundre dommarar, så det må mykje planlegging til. Det blir nok ikkje i 2017, men kanskje i 2018, viss alt klaffar.

I utvikling

Med til San Sebastián var i tillegg til folk frå Hanen også representantar frå Norsk gardsost, Aalan gård, Lofoten, Galåvollen, Røros, Eiker gårdsysteri, Hokksund og Tingvollost, Tingvoll på Nordmøre.

– At Kraftkar vann prisen er ein stor siger for Tingvollost, men også ein siger for norske gardsysteri, norsk landbruk og norsk matproduksjon, seier Bucher-Johannessen.

I tillegg til at Tingvollost fekk den gjævaste prisen for "Kraftkar", kunne Galåvolden gard reise heim med bronsemedaljar for RørosOst med røkt reinsdyrkjøtt og RørosOst, og Eiker gårdsysteri med bronse for Gruveosten sin.

– Det som har skjedd i norsk osteproduksjon i løpet av ein generasjon er eit kvantesprang. Men vi ser framleis at vi har noko å lære, ikkje minst når det gjeld emballasje og presentasjon. Å få World Cheese Awards hit vil både vere ei markering og eit springbrett vidare, seier Bucher-Johannessen.



Du må ha en Disqus-, Facebook-, Twitter- eller Google-konto for å debattere. Vis omtanke og hensyn. Debatten redigeres i ettertid. HER er oversikten over debattreglene.
comments powered by Disqus
Annonse