Statsråden fortel til Sunnmørsposten at Sjøfartsdirektoratet har fått i oppdrag å utarbeida konkrete tiltak, og at desse truleg er klare til våren.
– Då kan vi setja i verk tiltaka frå 1. januar 2019, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen til avisa.
I tillegg til strengare krav til CO2-utslepp, Nox-utslepp og svovel i eksosen, blir det truleg stramma inn på reglane for å utslepp av kloakk og gråvatn.
I media har det tidlegare vore sett søkjelys på utslepp av kloakk er eit stort problem i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.
Helgesen reknar med at tiltaka vil føra til at dei mest forureinande cruiseskipa ikkje lenger får besøkja verdsarvfjordane.