Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vågekvalkvoten blir større

Det blir i år lov å skyte 1.278 vågekvalar, har fiskeriministeren bestemt.

Vågekvalfangsten er i gang i Finnmark. Foto: Simon Pierre Barrette (CC BY-SA 4.0)

– Noreg har ei levedyktig kvalfangstnæring, trass i null subsidiar og at Japan er den einaste marknaden utanfor Noreg. Det er imponerande. Eg vil leggje til rette for at kvalfangsten blir liv laga. Kvalkjøt smakar godt, og det er godt for helsa, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Det finst meir enn 100.000 vågekvalar i norske farvatn. Kvoten for 2018 er på 1.278 vågekvalar, og inneber ein auke frå fjorårets kvote, som var på 999 vågekvalar. I 2017 var det berre 11 fartøy som var med. Fangsten var på 432 dyr, den lågaste på mange år.

Les også: EU ber Norge slutte med hvalfangst

Annonse

Kvoten er fastsett med utgangspunkt i berekningsmodellar utarbeidd av vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC).

Fangstane dei tre siste åra har vore 660 vågekvalar i 2015, 591 i 2016 og 432 i 2017. Talet på fartøy i fangst var 20 i 2015, 17 i 2016, og 11 i 2017.

Underområda for Svalbard, Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen blir no slått saman til eitt område. Samanslåinga skjer i tråd med vitskapelege råd, og skal gjere det enklare og meir fleksibelt for kvalfangarane.

Les også: Gjorde uventede funn i hvaltellingen

Neste artikkel

– Skogvernet slår veldig uheldig ut for industrien