Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utlendingar investerer i vindkraft på Vestlandet

Utanlandske investorar har ikkje berre fått auga opp for norske småkraftverk.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

På Vestlandet er utanlandske selskap også i ferd med å kjøpa opp nye vindkraftparkar.

Det italienske selskapet Falck Renewables har mellom anna sikra seg fleire vindkraftprosjekt i Sogn og Fjordane, fortel Bergens Tidende.

Investeringane på kvart av prosjekta er på fleire hundre millionar kroner.

Tendensen er den same fleire andre stader i Noreg. I fjor tok til dømes det tyske selskapet Aquila Capital over Midfjellet Vindpark på Fitjar i Hordaland og gjekk tungt inn med kapital.

Les òg: Småkraft overtas av tysk investeringsfond

Annonse

Til saman har utanlandske investorar dei siste to åra kjøpt vind- og vasskraftprosjekt i Noreg for rundt 20 milliardar kroner, meiner Anders Lenborg. Han er rådgjevar for utanlandske investorar som kjøper seg inn i norsk fornybar energi.

Les òg: Derfor skal norsk vannkraft til utlandet

Han reknar med at utviklinga kjem til å halda fram.

– Mange utanlandske investorar med mykje ledig kapital er på utkikk etter grøne investeringar. Dei har problem med å finna mange nok eigna prosjekt i land som Tyskland, Sveits og Frankrike. No finn dei det i Noreg, seier Lenborg.

Neste artikkel

Bærbonde slipper å bygge 70 soverom