Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Turistbygda Geiranger treng sauer

Geiranger lever av utsikta, men slit med attgroing. No startar Stranda kommune eit saueprosjekt for å passe på at bygda ikkje gror att.

Stranda kommune har starta opp eit prosjekt for å utvikle sauehaldet i Geiranger. Foto: Colourbox

Næringssjef i Stranda kommune Inge Bjørdal fortel til Sunnmørsposten at talet på aktive bruk i Geiranger har gått kraftig ned dei siste åra.

Kommunen har lenge fundert på kva dei skal gjere for å få eit meir aktivt landbruk, og har no starta opp eit prosjekt for å utvikle sauehaldet i bygda.

– Vår idé er å byggje ein fellesfjøs med plass til rundt 400 dyr. Kanskje kan fjøset vere eit aksjeselskap og drifta eit sameige, seier Bjørdal til avisa.

Annonse

Næringssjefen fortel at han no vil invitere til eit informasjonsmøte om prosjektet, og invitere bønder med for å sjå på fjøsbygningar som kan vere til inspirasjon.

– Det er jo viktig at det blir eit fint bygg i tre som passar inn i miljøet, seier han. (©NPK)

Neste artikkel

Han blei kåra til landbrukets mektigaste - nå har han fått ny jobb