Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tine får støtte til ny klimavenleg teknologi

Tine Meieriet Bergen har fått 16,4 millionar i støtte frå Enova for å få på plass ny klimavenleg teknologi i det nye meieriet på Flesland.

Endeleg bygd: I 2010 kjøpte Tine tomta på Flesland i Bergen, der det om to år vi stå ferdig eit nytt og energisparande meieri. Enova har gitt 16, 4 millionar kroner i støtte til bygginga av det klimavennlege produksjonsanlegget. Illustrasjon: Sweco

Den nye teknologien vil gjere at kvar liter mjølk frå det nye meieriet på Flesland vil bli produsert med 40 prosent mindre energi enn det som blir brukt i dag.

Enova arbeider for å omstille Noreg til å bli eit samfunn med lågare utslepp. Eit av måla er å få i bruk gode teknologiske løysingar som reduserer energibruk og klimautslepp.

Les òg: Bondetoppar vil ha kompensasjon for importtap og skattefond

Marius Thoresen, seniorrådgivar i Enova, ha vore saksbehandlar for Tine sin søknad. Han beskriv planane for å redusere energibruken som ei radikal forbetring.

Nye Tine Meieriet Bergen

Ligg på Espehaugen industriområde på Flesland i Bergen.

Tomta er på 75 dekar.

Anlegget er 18.000 kvadratmeter og rommar både produksjon, lager og direktedistribusjon.

På tomta skal det også vere eigen fyllestasjon for biodrivstoff til lastebilane, og opplegg for lading av elektriske privatbilar.

På taket er det 6000 kvadratmeter med solcellepanel.

Skal erstatte Meieriet på Minde som vart bygd på slutten av 1950-talet.

– Tine har brukt fleire teknologiar som dei har sett saman på ein ny og innovativ måte. Noko av teknologien er kjent får før, noko er heilt nytt, seier Thoresen.

Varme og kulde

På Flesland skal det produserast søtmjølk, fløyte og juice. Kjølinga og oppvarminga i produksjonsprosessane skal skje med kjølemaskinar og varmepumper i eit samspel.

Les òg: Mindre inntekter og svakere resultat for Tine

Thoresen seier Enova får veldig mange søknader om støtte til energitiltak, både frå næringsmiddelverksemder og andre typar industri.

– Det er prosjekt som vil synast att direkte på botnlina til verksemdene. I tillegg gir det å ha på plass slike energitiltak godt omdøme. Tine har lenge lege langt framme når det gjeld teknologiske løysingar, både når det kjem til automatisering og kontroll. Med dette anlegget tek dei eit ytterleg steg for å bli betre.

Strategisk satsing

Konserndirektør produksjon i Tine, Per Ivar Berg, seier at det nye meieriet i Bergen til saman vil koste 820 millionar kroner å byggje.

– For oss er berekraft viktig. Det er ein del av den strategiske satsinga vår. Vi vil vere den mest berekraftige matprodusenten i Noreg.

«Vi vil vere den mest berekraftige matprodusenten i Noreg.»

Per Ivar Berg, konserndirektør produksjon i Tine
Annonse

Berg seier det gjeld både kor mykje energi dei brukar, og kva energikjelder dei nyttar. Det gjeld både for nybygg og i eksisterande anlegg.

Målet til Tine er at dei i 2025 berre skal bruke fornybar energi, både i produksjonen og til transport.

Det nye Tine-anlegget i Bergen har 6000 kvadratmeter med solceller på taket for produksjon av straum.

Energi frå eit fjernvarmeanlegg skal vere backup dersom anlegget treng å bli tilført energi.

45 millionar liter

Etter planen skal den nye meieriet vere i drift frå sommaren 2019. Det hentar mjølk frå heile Hordaland, og om ein reknar med både søtmjølka, fløyten og juicen, har anlegget ein kapasitet på 45 millionar liter i året.

Det nye anlegget vil redusere CO2-utsleppa til Tine med 59.600 kilo CO2 i året, det svarar til dei årlege utsleppa frå 40 bilar som kvar køyrer 16000 kilometer i året.

Les òg: Tine fryktar regnet kan gi ny smørkrise

Energisparinga samanlikna med i dag vil vere på 4,85 GWh i året, det svarar til energibruken i om lag 250 husstandar.

Enova opplyser at heile næringsmiddelindustrien i stor grad har redusert eller lagt om energibruken sin.

– Dei fire store konserna Tine, Nortura, Felleskjøpet og Hoff har gjennom nærare hundre energi- og klimaprosjekt redusert energibruken med nærare 300 GWh, eller tilsvarande energibruket til 1500 hushaldningar, opplyser Enova.

Neste artikkel

Nordmenn klikker jula inn på nett