Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svensk høgsterett sa ja til ulvejakt

I Sverige har Högsta förvaltningsdomstolen no godkjent lisensjakta på ulv i Värmland i 2017.

Dei lågare rettsinstansane förvaltningsrätten og kammarrätten meinte at det ikkje var grunnlag for lisensjakt på ulv i Värmland, men den høgste domstolen kom altså til ein annan konklusjon.

• Fikk du med deg denne? En svensk skogseier måtte søke tilflukt i traktoren da han fikk et ublidt møte med det han omtaler som en «aggressiv ulv» denne uka

Det var eit par miljøorganisasjonar som gjekk rettens veg for å få stoppa linsensjakta på 24 ulvar i grenseområda mot Østfold og søre Hedmark i 2017, ifølgje den svenske avisa Landbrukets Affärstidning.

I Sverige er vilkåra for lisensjakt på ulv at det ikkje finst noka anna eigna løysing, og at jakta ikkje gjer bestanden mindre overlevingsdyktig.

Dei vilkåra meiner altså den høgste forvaltningsdomstolen er oppfylte.

• LES OGSÅ: Stadig færre sauer blir drept av ulv, selv om det er registrert flere ulver i Norge enn tidligere

Annonse

Avgjerda om lisensjakt frå 2. januar blir møtt med bekymring frå fleire miljøorganisasjonar, som fryktar at det vil bringe overlevinga til arten i fare.

– Det er ei uheldig og overraskande avgjerd. Kortsiktig inneber det at fire ulverevir blir skotne, noko som bremsar den nødvendige populasjonsauken, seier leiar i den svenske rovdyrsforeininga Torbjörn Nilsson.

Ikkje heilt overraskande er det ein annan lyd frå det svenske jegerforbundet etter domstolsvedtaket.

– Vi synest sjølvsagt dette er bra. Har ein gunstig bevaring bør ein vere i stand til å jakte eit dyr, seier leiar Torbjörn Lövbom.

Svenskane har kome til ein heilt annan konklusjon enn Noreg, der regjeringa tidlegare denne månaden avgjorde å ikkje opne opp for felling av fire ulveflokkar i Hedmark. (NPK)

Neste artikkel

Hotelldirektør dømt til fem og et halvt års fengsel for ildspåsettelse