Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Store planar for norsk massivtre-fabrikk

På Åmot i Buskerud er selskapet Splitkon i ferd med å byggja ein kjempefabrikk for produksjon av massivtre.

Landbruks- og matdepartementet peikar på at marknaden for massivtre i Noreg er aukande og i sterk vekst. Foto: Innovasjon Norge

Anlegget er det første i sitt slag i Noreg, og blir det største i Skandinavia. Det skriv selskapet på eigne nettsider.

Målet er at den nye fabrikken skal stå ferdig neste haust.

Også Limtre Holding, Ski Bygg Gruppen AS, Holdit AS, Sparebanken 1 Ringerike Hadeland, Innovasjon Noreg og statsføretaket Siva er med på den store satsinga på massivtreanlegget.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er blant dei som helsar det nye anlegget velkommen.

Annonse

– Noreg ligg langt framme internasjonalt når det gjeld bruk av treteknologi. No ser vi at produksjonen av massivtre er i sterk vekst. Materialet passar alle typar bygg og er konkurransedyktig på pris og av høg kvalitet. Kombinasjonen av massivtre og andre trematerialar gjev store moglegheiter, seier Dale i ein omtale på nettsidene til departementet.

Departementet peikar vidare på at marknaden for massivtre i Noreg er aukande og i sterk vekst. Ifylgje departementet kan massivtre mellom anna kan vera med å erstatta bygging i stål og betong. ©NPK

Neste artikkel

Vil ha «OL i trebygging» til Norge