Sauebønder meiner Bartnes har lagt prestisje i å unngå omkamp om lammetilskotet

Kritikarar går hardt ut mot Bondelaget etter at ny modell for lammetilskotet blei droppa. Bonde håper landbruksminister grip inn.

Saubonde Magnus Tjåland seier han ikkje veit om noko sak som rammar enkeltbønder så hardt som omlegginga av lammetilskotet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Slaktetilskot til lam og kje

I jordbruksoppgjeret i fjor blei det vedtatt å leggje om utbetalingstidspunktet frå juni påfølgjande år til utbetaling ved slakteoppgjeret.

For å unngå «problemer med flytting av penger mellom budsjettår» er det halv sats for leveransane i 2015 og 2016. Løpande utbetaling pr. år blir som før, men når bonden sluttar er eitt års tilskot borte.

I eit nytt forslag blir resten av tilskotet for leveransar i 2015 og 2016 etterbetalt over nyttår i 2017. Leveransar i 2017 får fullt tilskot over nyttår i 2018. Forslaget blei ikkje fremja i jordbrukets felles krav, som blei lagt fram måndag.

Norsk Sau og Geit (NSG) la fram modellen og bad bondetoppane ta ei grundig vurdering. Småbrukarlaget støtta forslaget og tok det med i sitt krav, men då jordbruket måndag la fram sitt felles krav til årets jordbruksoppgjer var forslaget ikkje med. Det skapar reaksjonar blant kritikarar av fjorårets omlegging.

Kjem med krass kritikk

For våre abonnenter

Kjære leser. Denne artikkelen er forbehold våre abonnenter.


Gratis digitalabonnement

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før

Gratis komplettabonnement

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før
- Papiravisen levert hjem fredag og lørdag

Neste artikkel